Duka for toppkamp på Bø

I STØTET:?Helene Marøy og Hordabø har fått ein god start på sesongen. Søndag ventar serieleiar Stord, som ligg framfor Hordabø på tabellen på betre målforskjell. (Foto:?Endre Hopland)

I STØTET:?Helene Marøy og Hordabø har fått ein god start på sesongen. Søndag ventar serieleiar Stord, som ligg framfor Hordabø på tabellen på betre målforskjell. (Foto:?Endre Hopland)

Artikkelen er over 6 år gammel

Hordabø-damene tok sin tredje siger av tre moglege borte mot Flaktveit i helga. Søndag ventar Stord, som toppar tabellen saman med nettopp Hordabø.

DEL

– Det er no vi får sjå kvar vi står. Vi har byrja bra, men dette vert nok litt annleis motstand, seier Hordabø-trenar Frode Myking til Nh.

Hordabø dominerte søndagens kamp borte mot Flaktveit, men ein del unøyaktigheit i siste del av angrepa gjorde at det vart lite mål. Helene Marøy sette riktig nok 0–1 med eit flott langskot etter ti minutt, men Flaktveit kvitterte på same måte litt før pause.

Hermansen x 3

Andre omgang hadde ikkje enorm futt før Flaktveit kontra inn 2–1 20 minutt før full tid.

– Då vi fekk den skåringa imot tenkte eg at dette var ein slik dag der alt går imot oss. Men jentene motbeviste dette. Det siste kvarteret var det sambafotball heile vegen, og Jill Hermansen skåra tre gonger. Ein fullt fortent siger, seier Myking til Nh.

I morgon ventar altså Stord heime på Bø. Dette er dei to topplaga i avdelinga så langt, så dette vert ein viktig kamp for grøntrøyene.

Redusert runde

Runden i helga som var vart noko redusert grunna 1. mai. Mange av dei lokale laga hadde spelefri, men i 4. divisjon kvinner, avdeling 1 var det full rulle.

Utanom Hordabø sin siger gjekk ENK, som hadde seks poeng etter dei to første kampane, på eit solid 6-0-tap borte mot Stord. Austrheim-damene måtte på si side tola 0-2-tap heime mot Osterøy/Fotlandsvåg.

Radøy/Manger-poeng

På herresida tok Radøy/Manger sesongens første poeng i 3. divisjon menn, avdeling 8. Heimekampen mot Bjarg enda 2-2, etter skåringa av Ricky Vetaas og Sindre Marøy. I 4. divisjon menn, avdeling 1 slo Odda NBK 0–2 i Knarvik, medan Nordre Holsnøy vart eit nummer for svake for Fyllingsdalen 3 i 5. divisjon menn, avdeling 2. Kampen enda 3–0.

Tirsdag tok Gulen imot Hordabø på Dalsøyra. Rapportane fortel om ein nokså rotete kamp frå begge lag, som lenge såg ut til å enda 0–0. Torstein Sylta sette derimot inn den avgjerande skåringa for gjestane på slutten av kampen, etter solid Hordabø-trykk.

Artikkeltags