Det vart med opprykksdraumen for Nordre Holsnøy

OVER OG UT: Nordre Holsnøy klarte ikkje å hamla opp med Eidsvåg i Leirdalen i kveld, og dermed rauk også opprykksdraumen. Christian Frønningen forsvann ut på båre rett før slutt med det som såg ut som alle lyskestrekkar si sure, gamle bestemor. (Foto: Endre Hopland)

OVER OG UT: Nordre Holsnøy klarte ikkje å hamla opp med Eidsvåg i Leirdalen i kveld, og dermed rauk også opprykksdraumen. Christian Frønningen forsvann ut på båre rett før slutt med det som såg ut som alle lyskestrekkar si sure, gamle bestemor. (Foto: Endre Hopland)

Artikkelen er over 5 år gammel

Eidsvåg var mest effektive i den avgjerande 5. divisjonskampen i Leirdalen no i kveld.

DEL

Scenarioet før siste serierunde i 5. divisjon, avdeling 2 var såre enkelt, men likevel litt komplisert. Gneist og Fyllingsdalen 3 har nemleg allereie sikra dei to opprykksplassane til 4. divisjon, men Fyllingsdalen 2 kan veldig fort rykka ned til nettopp 4. divisjon i morgon. Reglane seier at Fyllingsdalen 3 ikkje har lov til å spela i same divisjon som Fyllingsdalen 2, noko som igjen betyr at 3. plassen i 5. divisjon, avdeling 2 er veldig viktig.

Før kampstart i siste serierunde no i kveld hadde Eidsvåg 40 poeng på 3. plass, medan Nordre Holsnøy hadde 38 på 4. plass. Eidsvåg har også ein mykje betre målskilnad enn Nordre Holsnøy, så grøntrøyene ville klart seg fint med uavgjort. Siger til Nordre Holsnøy hadde derimot betydd at Meland-laget ville kapra plassen som altså kan gi opprykk.

Dessverre for NHIL gjekk det ikkje vegen i Leirdalen denne særs kalde haustkvelden. Første omgang var nokså jamn, med bra tempo men lite presisjon frå begge lag. At EIdsvåg klarte å få tre mål ut av halvannan sjanse skal dei vera veldig fornøgd med, men det klarte dei altså.

0-1 kom etter ei fin avslutning frå distanse, 0-2 etter eit utoverskrudd (!) innlegg frå høgre som gjekk rett i lengste kryss, medan 0-3 kom som følgje av ein keepertabbe. Nordre Holsnøy-forsvaret må likevel ta nokre prosent av skulda, då dei let banas lågaste spelar vinna hovudduellen som sende ballen på mål. Men at NHIL sin sisteskanse mista ballen i eige nett kunne dei sjølvsagt gjera lite med.

0-3 til pause var flatterande, men utifrå spel var det greitt at EIdsvåg leia.

Etter kvilen vakna Nordre Holsnøy meir til, og pasningskvaliteten steig flere hakk. Øystein Ones Fosse reduserte til 1-3, og skapte med det litt spenning i det siste kvarteret. Men då Eidsvåg skåra 1-4 etter eit brot på midtbana rett før slutt, var alt håp ute for Nordre Holsnøy, som dermed spelar i 5. divisjon også i 2014.

Artikkeltags