Damene heilt overlegne

Artikkelen er over 11 år gammel

Begge dei lokale damelaga herjar i si avdeling.

DEL

4. div. kvinner, avd. 2: Vestsiden-Askøy – ENK 0-9

4. div. kvinner, avd. 2: Hordabø – Nymark2 8-1

Samarbeidslaget til Eikanger, NBK og Kvernbit valsa over eit svakt Vestsiden-Askøy-lag på Askøy i helga. Heile 0-9 stod det på blokka før dei lokale damelaga gav seg.

På Bø gjorde Hordabø jobben mot tabelltrear Nymark 2, som måtte returnera til Bergen med heile 8-1 i bagasjen. Dermed er dei ute av opprykkskampen, som no utelukkande står mellom Hordabø og ENK.

Kven som rykkjer opp vert truleg avgjort når laga møtest på kunstgraset i Knarvik torsdag kveld. Hordabø leiar serien med fire poeng, men har ein kamp meir spelt enn ENK, som er det einaste laget i avdelinga som står utan tap så langt i sesongen.

Artikkeltags