Gå til sidens hovedinnhold

Bjørn West tapte lokalderbyet

Artikkelen er over 16 år gammel

Det vert vanlegvis jamt når Hordabø og Bjørn West brakar saman, men i helga var det klasseforskjell på laga.

5. divisjon, avdeling 1

Hordabø – Bjørn West 3-0 (2-0)

Mål: Morten Christensen, Morten Storheim (2)

- Vi er vanlegvis bra på hausten, og eg trur mykje er gjort no. Ein siger til så reknar eg med at vi er i hamn, seier Hordabø-trenar Frode Myking, etter 3-0 sigeren mot Bjørn West i helga.

Han fortel at kampen var under pari for dei grønkledde, som likevel dominerte utan å imponera.

- Vi har eit bra lag, og hadde god kontroll, men nokon stor fotballkamp var det ikkje. Gledar oss over poenga, seier han.

I Bjørn West-leiren var det ikkje mykje å gleda seg over.

- All ære til Hordabø. Dei fortente alle poenga, og har gjort det sterkt så langt i haust. Vi for vår del var altfor dårleg, seier kaptein Stian Tverberg.

Han innser at laget hans ligg dårleg an, men i Bjørn West der gir dei ikkje opp.

- Vi har ikkje gitt oss enno. Målet er å gjera det så bra som mogleg i dei siste kampane. Vinn vi alle heime, og ein borte trur eg det kan gå, men det vert vanskeleg, legg han til.

I lørdagens lokalderby mot Hordabø stilte laget frå fjorden med ein tropp på 13 der tre av desse var målmenn. Dette hadde nok sitt og seia for kamputfallet, men Tverberg vil ikkje bruka dette som unskyldning.

- Vi var rett og slett ikkje gode nok. Får berre heva hovudet og sjå framover, seier han.