Bitter tap mot serieleiaren

Artikkelen er over 8 år gammel

Tre strake utan poeng for ENK.

DEL

ENK styrte det meste og var klart best mot topplaget Follese i Knarvik søndag, men fotballen kan som kjent vera urettferdig.

Follese tok leiinga etter 11 minutt etter ein vunnen løpsduell, men heimelaget let seg ikkje stressa av dette. Laget hadde spelet, og i det 32. minutt utlikna Amanda Hannisdal til 1-1.

Berre åtte minutt seinare var den same Hannisdal på farten igjen, og den geniale pasningen frå Anna Osland Øvretveit sette ho enkelt i nettet.

Follese skåra 2-2 etter ein corner før fem minutt av andre omgang var spelt, og sjølv om ENK held fram med å ha banespelet, var det gjestane som fekk gå opp i 2-3 etter ein ny corner.

Resultatet stod seg kampen ut, og ENK gjekk på sesongens tredje strake tap.

- Vi gjennomfører ein veldig god kamp, og det er kjipt at småpikefeil på dødballar skal vera avgjerande. Men når skuffelsen har lagt seg veit vi etter tre kamper mot dei tre laga øvst på tabellen at vi skal plukka godt med poeng framover, skriv ENK-trenar Marius Silseth på laget sine heimesider, www.enkdamer.com.

Artikkeltags