Gå til sidens hovedinnhold

Baug til Åsane

Artikkelen er over 13 år gammel

Radøy/Manger-keeper Steffen Baug (17) går til Åsane.

Den unge keeperen har trena med Åsane dei siste to vekene, og imponert såpass at trenerteamet Tom Mangersnes og Magnus Johansson har ønska keeperen sterkt.

- Steffen er ein kjempespennande keepertype. Han har stor rekkevidde og mykje av det grunnleggande keepertekniske på plass. Tatt i betraktning at han også berre er 17 år, har han kome svært langt i si utvikling, skriv Mangersnes i ein e-post til nh.