Årets første trepoengar for Radøy/Manger

MATCHVINNAR:?Yngve Njøten (i raudt) sette inn kampens einaste mål då Radøy/Manger møtte Årdal heime i Austmarka torsdag. Bildet er frå fjoråret. (Arkivfoto)

MATCHVINNAR:?Yngve Njøten (i raudt) sette inn kampens einaste mål då Radøy/Manger møtte Årdal heime i Austmarka torsdag. Bildet er frå fjoråret. (Arkivfoto)

Artikkelen er over 6 år gammel

Radøy/Manger har hatt ein frykteleg seriestart, med ein uavgjort og tre tap, to av desse verkeleg stygge. Men då Årdal kom til Austmarka torsdag, var det berre eitt lag på bana. Og dei var kledd i raudt.

DEL

Radøy/Manger har slite med mannskapet i sesonginnleiinga, og det har verkeleg resultata vist. Raudtrøyene har vorte rundspelt i to av to bortekampar.

Heime har det vorte eitt poeng av seks moglege. Det var med andre ord på høg tid med ein siger då Årdal kom på besøk i Austmarka torsdag ettermiddag.

Kraftig press

Det var då også radværingane som tok kommandoen frå starten. Både Yngve Njøten og Sindre Marøy hadde fine sjansar før halve første omgang var spelt, men det vart ikkje skåring av det.

Eit tannlaust Årdal-lag fekk også køyrt seg skikkeleg i andre halvdel av omgangen. Radøy/Manger, som spelte med ein heilt ny giv enn i dei tidlegare kampane i år, produserte sjanse på sjanse, og at det stod 0–0 til pause var eigentleg litt merkeleg å verta klok på. Like fullt, slik var fasiten då dommaren blåste.

Nedturen held fram for NBK

Også etter kvilen var Radøy/Manger friske frå start. Raudtrøyene pressa gjestane frå Sogn bakpå, og ti minutt ut i omgangen var Morten Storheim veldig nær. Skotet trefte dessverre tverrliggaren. Eit par minutt seinare var det Sindre Marøy som nesten fekk nettkjenning. Skotet til den tidlegare Løv-Ham-spelaren gjekk like utanfor.

Årets første

Årdal hadde i det store og heile ingenting å by på, og Radøy/Manger kontrollerte kampen som dei ville. Men mål vart det ikkje. Den eine fine sjansen etter den andre vart avverga, og det såg lenge ut til at det skulle enda mållaust på kunstgraset i Austmarka.

Men, Radøy/Manger har mange ringrevar i rekkjene sine, og det var ein av desse som tok børa av skuldrene til hardtarbeidande spelarar ti minutt før full tid. På eit frispark dukka Yngve Njøten opp framfor kassen, og gjorde som han har gjort så mange gongar tidlegare:?Sette ballen i nettmaskene.

ENK fossar vidare

Dette vart også kampens einaste skåring. Dermed kunne Radøy/Manger jubla for årets første siger. At den i tillegg var veldig fortent gjorde ikkje saka noko kjedelegare. Mandag kveld ventar nye utfordringar. Då står Sogndal 2 på motsett banehalvdel på Fosshaugane.

Artikkeltags