Årets første siger

Artikkelen er over 7 år gammel

ENK slo Odda 4-0.

DEL

Etter ein tøff start med fire strake tap losna det endeleg for det unge samarbeidslaget ENK i onsdagens kamp mot Odda i Knarvik.

I følgje laget sine eigne nettsider, www.enkdamer.com, overraska Odda med svært offensivt spel i det første kvarteret, noko som tvinga ENK til å legga om formasjonen.

Begge lag skapte brukbare sjansar i første omgang, men det var mållaust til pause. Så vakna heimelaget for alvor, og leia an av målhungrige Bente Haveland vart det ein fartsfylt andre omgang.

Nemnde Haveland skåra ekte hat-trick i løpet av den første halvtimen av andre omgang, før Linda Helgesen fekk æra av å fastsetja sluttresultatet til 4-0 med vel ti minutt igjen på uret.

- Ein viktig siger som tar oss vekk frå botnen av tabellen. Med mykje sjukdom inn mot kampen og ein del rokkeringar på vande plassar, løyser vi oppgåva veldig bra, oppsummerar ENK-trenar Marius Silseth.

ENK har ny kamp mot Åsane 2 i Knarvik allereie fredag.

Artikkeltags