Andre serierunde

Artikkelen er over 6 år gammel

Slik gjekk det med dei lokale laga

DEL

Tap og hockeysiffer for Nordre Holsnøy

5. divisjon menn, avdeling 2: Nordre Holsnøy–Gneist 4–8 (3-7). Mål Nordre Holsnøy: Mads Takvam, Jon Helge Eikeland, Ruben Haugen, Christian Frønningen

Nordre Holsnøy har ikkje tapt mange kampar dei siste to åra, men fredag vart det ein skikkeleg skrell heime i Leirdalen. Gneist leia heile 3–7 til pause, og då sluttsignalet gjekk var stillinga 4–8.

– Vi var meir med i kampen enn resultatet tilseier, men ein forferdeleg periode i første omgang, prega av personlege feil, gjorde det lett for Gneist.

Andre omgang var betydeleg betre, men vi har framleis mykje å gå på, og vi er eit stykke unna der vi var i fjor, seier Nordre Holsnøy-trenar Victor Windheim til Nh.

***

Kvernbit med siger over Hordabø

6. divisjon menn, avdeling 2: Kvernbit–Hordabø 2–0. Mål: Sjølvmål, Ronny Jensen

Kvernbit tok sesongens første siger då naboane frå Hordabø kom på besøk på Fossemyra fredag.

Kvittrøyene gjorde ifølgje trenar Trond Egil Soltvedt ein veldig god kamp, og hadde i tillegg til dei to skåringane to i treverket.–Ein veldig fortent siger, seier den tidlegare England-proffen fornøgd.

***

Ny uavgjort for Austrheim

6. divisjon menn, avdeling 2: Austrheim–Libido 4–4 (2-3). Mål Austrheim: Even Jarle Haugland (4)

Austrheim spelte 2–2 i første kamp, og følgde opp med 4–4 denne helga. Veteranen Even Jarle Haugland teikna seg for alle skåringane for dei gulkledde, i ein kamp prega av mykje vind.

Austrheim låg under til pause, men snudde etter kvilen, og kunne fort stukke av med alle poenga. I?staden var det gjestane som fekk 4–4 i motvinden nokre minutt før slutt.

***

Berre nesten for Gulen

6. divisjon menn, avdeling 2: Gulen–Sotra 2 3–4 (0-2). Mål Gulen: Lars Kristian Elnes, Mats Stendal, Anders Dyregrov

Gulen måtte tola kraftig motvind i første omgang heime mot Sotra 2, men laget leverte likevel ein bra omgang. 0–2 i trynet vart det, men under dei rådande vêrforholda var det til å leva med.

– I andre omgang skulle vi heva oss, og vi byrja bra. Reduseringa kom tidleg, men så vart det mykje enkeltmannsføretak ei stund, og vi fekk både 1–3 og 1–4 imot, seier Gulen-lagleiar Harald Haveland.

På slutten heva Gulen seg kraftig, og to skåringar dei siste fem var nesten nok til å sikra poeng. Men berre nesten. Sotra 2 vann til slutt 3–4.

***

NBK 2 tapte i debuten

6. divisjon menn, avdeling 1: Eidsvåg–NBK 2 3–2. Mål NBK 2: Joachim Hopsdal, Malik Jallo

NBK sine nest beste spelte ein bra kamp borte mot Eidsvåg sine nest beste, men alle poenga vart igjen i Bergen.

– Denne burde vi ha vunne, for vi var gode. Vi slepp inn mål på dødballar og personlege feil, og føler oss litt snytt etter dette, då vi var det førande laget heile vegen, seier NBK 2-trenar Per-Owe Helle.

***

Ny Masfjord-siger

7. divisjon menn, avdeling 1: Masfjord–Flaktveit 3 6–1 (1-0). Mål Masfjord: Stian Rasdal (4), Daniel Asheim (2)

Masfjord hadde små problem med å valsa over Flaktveit 3 i helgas heimekamp, som vart spelt på kunstgraset på Dalsøyra.

– Vi var klart betre, og ville mest, seier firemålsskårar Stian Rasdal, og legg til at laget er godt fornøgd med sesongstarten. Storskåraren kan elles melda om at dagens mann var dommar Stein Dalland.

– Ein betre dommar får vi neppe i år, seier han til Nh.

***

Lindås-tap

7. divisjon menn, avdeling 1: Bergkrystall–Lindås 5–1 (1-0). Mål Lindås: Kim Johannesen

Bergkrystall og Lindås spelte ein jamn førsteomgang på Myrdal i helga, men fem minutt før pause vart Lindås redusert til ti mann, då keeper tok ein angripar som bakarste mann. Straffesparket vart også sett i mål, og dermed var det 1–0 til pause.

– Utvisinga var feilaktig, og prega kampen. Med ti mann klarte vi ikkje å halda oppe trykket, og etter kvilen sleppte vi inn fire. Kim Johannessen skåra eit trøystemål på tampen, seier Lindås-trenar Kjell Øyvind Nævdal, som likevel ser framgang i laget, og trur poenga vil koma.

Fedje-kamp utsett

7. divisjon menn, avdeling 2: Myrdal–Fedje – Utsett!

***

Ny storsiger for ENK

4. divisjon kvinner, avdeling 1: ENK–Flaktveit 9–2. Mål ENK: Bente Haveland (3), Karoline Rusten, Laila Sjøvoll (2), Anette Hovland, Helene Hammer, Caroline Bergås Morken

ENK hadde full kontroll på Flaktveit heime i Knarvik i helga. Samarbeidslaget gav seg ikkje før dei hadde skåra ni mål, mot Flaktveit sine to.

– Nok ein gong blas det friskt, men monsunregnet glimra med sitt fråvær denne helga. Ein god kamp frå vår side, seier ENK-trenar Anders Vikøren.

***

Hordabø-damene knuste Frøya

4. divisjon kvinner, avdeling 1: Hordabø - Frøya 7-2. Mål Hordabø: Jill Hermansen (4), Helene Marøy (2) og Sonja Haugen

Hordabø-damene hadde små problem med svake Frøya i helgas kamp. Då dommaren blas for full tid stod det 7–2.

– Den første timen var vi slappe, men den siste halvtimen var det bra. Vi hadde initiativet heile vegen, men vi burde nok vunne mykje meir, seier Hordabø-trenar Frode Myking.

***

Stortap for Austrheim-damene

4. divisjon kvinner, avdeling 1: Bjarg - Austrheim 9-0

Austrheim-damene fekk ein tøff sesongstart, med 1-8-tap heime for Fyllingsdalen 2. Det gjekk ikkje veldig mykje betre i årets andre kamp.

Bjarg, som hadde heimebane i denne kampen, gav seg ikkje før dei hadde skåra heile ni mål. Austrheim-damene hadde på si side ingenting å kvittera med, og dermed vart det stortap.

Artikkeltags