Lokal ungdom står bak nytt produkt: Eitt «tæpp» med mobilen – og så har du fått ein ny venn

(Fra v.) Anton Styve (18), Mathias Fyllingsnes (18), Daniel Bratshaug (18) og Benjamin Langeland (18) har alle montert ein poptag på baksida av sin mobiltelefon. Foto: EMIL WEATHERHEAD BREISTEIN
Denne ungdomsgjengen har laga eit nytt mobil-produkt som hjelper deg å få nye venner på eitt sekund.
(BA): Dei fire gründerane i ungdomsbedrifta Poptag har utvikla ei artig databrikke.
Brikka, som du festar på baksida av mobilen, koplar deg opp mot nye venner og kjenningar. Alt som trengst er eit lite «tap», som det så fint heiter på engelsk.
Produktet har på kort tid slått an.
– Vi hadde lansering 12. november og omsette for 10.000 kroner den første helga! Sidan har vi fått over ein halv million visningar i sosiale medium, fortel Benjamin Langeland frå Fyllingsdalen.
Han er dagleg leiar i ungdomsbedrifta Poptag, som også består av Daniel Bratshaug frå Meland, Mathias Fyllingsnes frå Eikanger og Anton Styve frå Hjelmås.
Dette er Poptag
- Liten brikke med NFC-teknologi som man fester bak på mobilen.
NFC = Nærfeltskommunikasjon.
- Brukes til å dele kontaktinfo med nye venner og bekjente på en trygg måte.
- Du «tæpper» på brikken med mobilen din, slik du gjør med bankkortet i butikken.
Så blir du videresendt til en plattform hvor du finner all kontaktinformasjon til personen, inkludert kontoer på sosiale medier.
- Målgruppen er ungdom, eller voksne over 30 år som trenger et digitalt visittkort.
- Produktet er laget i Kina, kommer i ulike fargekombinasjoner og selges for knappe to hundrelapper.
Når du har mottatt poptagen får du instruksjoner om hvordan du registrerer deg.
Disse står bak ungdomsbedriften:
- Benjamin Langeland (18), Fyllingsdalen
- Daniel Bratshaug (18), Meland
- Mathias Fyllingsnes (18), Eikanger
- Anton Styve (18), Hjelmås
Slik fungerer brikka
Kva er eigentleg ein poptag? Du «tæppar» på brikka med mobilen din, slik du gjer med bankkortet i butikken.
Då blir du vidaresendt til ei plattform der du finn all kontaktinformasjon til personen, inkludert kontoar på sosiale medium.
– Når ein er på byen og møter nye folk er det mykje lettare å utveksle informasjon med poptagen enn å forklare kva ein heiter bokstav for bokstav, og så måtte søke opp namnet ditt på Facebook, Snapchat og Instagram. No får du all informasjonen på ein stad, med ein gong, forklarer Poptag-gjengen.
– Vi såg at det var etterspørsel etter eit slikt produkt i utlandet, spesielt i USA. Dette fanst ikkje i Norge, der vi meiner det er et marknad vi kan fylle.
Deler Insta og Snap
Teknologien kallast nærfeltskommunikasjon (NFC) og er trådlaus og kontaktlaus, i likskap med bankterminalen du nyttar på butikken.
– Personleg deler eg Insta- og Snapchat-informasjonen min, men du vel sjølv kor mykje du vil dele, forklarer Benjamin.
Tru ikkje at karane skal bruke pengane dei tener på fest og moro til våren.
– Vi har spytta inn nokre tusenlappar kvar av sommarlønna vår. Det vi tener no skal vi investere i bedrifta og bestille nye varer. Vårt første parti er snart utselt.
Dei legg til:
– Hovudmålet er ikkje å bli rike, men å skape produkt som hjelper andre!
Kommentarer til denne saken