Lokal og nasjonal kamp mot vindkraftindustrien

Kampen mot vindmylnone er både ein lokal kamp og ein nasjonal kamp.

Kampen mot vindmylnone er både ein lokal kamp og ein nasjonal kamp. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Lokal og nasjonal kamp mot vindkraftindustrien

Korleis kan det ha seg at verdfull norsk vestlandsnatur vert servert til internasjonal storkapital på eit fat, og det utan at lokalsamfunna hev noko som dei skulde ha sagt?

For å få forstå det som hev hendt, so må me gå attende i tidi til den gongen Noreg var på veg frå jordbruksnasjon til industrinasjon. Her var Vestlandet i ei serstoda, med både isfrie hamner og fossefall. Både den gongen som no forstod utanlandske investorar at dei norske kraftressursane kom til å verta ei gullgruva, men norske styresmakter tok grep og vedtok konsesjonslover som hindra utlendingar frå å grava til seg kraftressursane.

Ikkje berre hindra konsesjonslovene at kraftressursane kom på utanlandske hender, men heimfallsretten sytte for at kraftinntektene fyrr eller seinare hamna hjå oss alle (les: staten).

Soleides kunde kraftkrevjande norsk industri på Vestlandet og i Noreg elles få billeg energi som gjorde dei tevleføre på verdsmarknaden. Smelteverki i Svelgen, Ålvik og Høyanger er berre nokre fåe døme på dette. Eller Grepa-komfyrfabrikken i Ørsta, grunnlagd av Haftor Hovden, son åt sjølvaste Anders Hovden.

EØS-avtala avnasjonaliserte energipolitikken

Sidan kraftforsyning var ei viktug nasjonal sak, so var det naturlegt at avgjerdene um kraftutbygging vart tekne på nasjonalt nivå.

Med EØS-avtala endra alt dette seg. Norske styresmakter laut leggja burt konsesjonslovene og møta norske og utanlandske kraftinvestorar på same måten. Ikkje berre er styresmaktene tvinga til å handsama norske og utanlandske investorar likt, med EU si tridje energipakka vert mykje av norsk energipolitikk styrd direkte av ACER.

Ein sit altso att med at norske rikspolitikarar må leggja til rettes for utanlandske investeringar, og samstundes er det null lokaldemokrati i saker som gjeld kraftutbygging. I staden for å fylgja plan- og bygningslovi, so fylgjer kraftutbyggingane energilovi der kommunane berre er høyringsinstansar og der NVE og olje- og energidepartementet tek avgjerdene um konsesjon heilt åleine. Det verste frå både den gamle og den nye ordningi.

Norske styresmakter kann ikkje lenger subsidiera norsk kraftkrevjande industri, det er i strid med EU-regelverket. Subsidiera "grøn energi", det kann dei derimot - jamvel um krafti og kraftinntektene gjeng rett ut or landet, utan nokon slags positive ringverknader for lokalsamfundi som vert råka av utbyggingi.

Sogn og Fjordane Energi er eineveldig styrt av BKK og fylkesbyråkratar i Bergen

Når lokalsamfundet i Bremanger i desse dagar vert påprakka vindturbinar på Guleslettene, so er det ikkje for å forsyna smelteverket i Svelgen - men av di det internasjonale investeringsselskapet Blackrock skal tena pengar på den europeiske kraftmarknaden. Millom anna sel dei straum til Google sine europeiske datasenter. Blackrock hev elles gjort avtalor med grunneigarar um at dei skal få sin part av "yverskotet" frå kraftproduksjonen, men pengane som vert nytta til å investera i vindkrafti er lånte frå ein bank kontrollert av Blackrock sjølve - og med eit rentenivå som syter for at det aldri vert noko "yverskot" å etla ut...

Samstundes er Sogn og Fjordane Energi i gang med eigen vindmylnepark på Bremangerlandet. Men namnet "Sogn og Fjordane Energi" er rein svindel. Eigarane åt Sogn og Fjordane Energi er BKK og Sogn og Fjordane Holding AS. Fyre samanslåingi med Hordaland gav Sogn og Fjordane Fylkeskommune burt 90 prosent av aksjane sine til kommunane i Sogn Fjordane, slik at det nye Vestland Fylkeskommune berre fekk 10 prosent av aksjane i Sogn og Fjordane Holding AS. Men desse siste 10 prosent er dei einaste aksjane som er A-aksjar. Kommunane fekk berre B-aksjar, og dei sit soleides som gislar i eit kraftselskap der dei ikkje kann nytta eigarskapen sin til å stogga SFE frå å ta seg til rettes i deira eigne kommunar...

Global "klimakamp" øydelegg handfast norsk natur

"Ja, vil elsker!" Det var eitt av tilropi ein kunde høyra millom dei frammøtte då politiet ikom og fjerna bilen åt Hans Petter Thue på Haramsøya. Det er kveikjande å sjå korleis aksjonistane nyttar seg av det norske flagget i kampen mot dei skjemmande vindmylnone. Naturen er på mange måtar det siste som er att av det gamle Noreg...

For me er kome der det heiter seg at me må øydeleggja den norske naturen for å berga det globale "klimaet". Ein ser det same i Bergen og Nordhordland, med byvekstavtala og etableringi av "regional småby" på Flatøy - der "klima" og miljø vert nytta som brekkstong til å "fortetta" busetnad og avfolka distrikti. Ein småby-eksistens der naturen er rasert og inntektene i hendene på utanlandsk storkapital, vil me verkeleg dette?

Når handfast natur og kultur vert øydelagt, av di me på eit abstrakt nivå skal fremja "klima" og "rettferd", so illustrerar det godt heile den manipulasjonen som den sentralstyrde, liberaldemokratiske staten er tufta på. Ingen fridom i botnen, inkje andsvar på toppen...

Eit rotlaust folk hev ingen kontroll med eigi framtid

Kommune- og regionreformi hev gjort Noreg til eit endå meir sentralstyrt land enn før. Heile geografiske område er med eit tastetrykk vorte burte (Hordaland, Sogn og Fjordane, Oppland, Hedmark) berre av di rikspolitikarar hev skapt eit nytt byråkrat-konstrukt.

Hordaland kjem frå "hordane sitt land", det er frå tidi fyre Noreg var vorte ein eigen nasjon, men då det enno fanst kvar sine ulike stammar, som til dømes hordar og rygar. Det er eit namn som er rotfest i noko handfast og noko eldgamalt, noko nedervd. Men Vestland, kva er det?

Det er ingen generasjon som hev vokse opp i Vestland, Viken eller Innlandet. Det er ingen som kjem til å kjempa for desse byråkrat-konstrukti den dagen Høgre og Frp gjeng vidare med planen sin um å skrota det regionale sjølvstyret fullstendig og berre ha forvaltningsnivåi stat og kommune.

Og vindkrafti er eit krondømet på at "regionreformi" ikkje hev gjeve Vestlandet noko større regionalt sjølvstende. Det er kystlandskapet her i vest som skal fyllast med tusundtals vindturbinar. Rikspolitikarane og storparten av veljargrunnlaget deira sit i Oslo og drikk kaffi-latte og talar um "klima". Og Blackrock-investorane ler heile vegen til deira eigen bank...

Kampen mot vindmylnone er både ein lokal kamp og ein nasjonal kamp.

Olav Torheim

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken