BA / Nordhordland:

Det var 35 år gamle Arne-Christian Eide frå Flatøy som mista livet i luftsportulukka i Stryn fredag.

I Alver kommune gjer dei no det dei kan for å hjelpa dei pårørande. Kommunen har stilt seg til disposisjon for familie og dei som stod Eide nærast.

– Det er ei særs tragisk ulukke. Tankane mine går til dei pårørande, seier ordførar Sara Hamre Sekkingstad.


– Det går inn på oss

Klokka 12:52 fredag vart naudetatane varsla om ei speedglidarulukke i Loen.

Alle naudetatar rykte ut, i tillegg til redningshelikopter. Ein mann vart lokalisert i eit vanskeleg terreng på om lag 650 meters høgde. Speedglideren vart henta ut av terrenget av redningshelikopter, og vart seinare stadfesta omkommen.

Richard Grov er dagleg leiar for Loen Skylift. Han var ein av dei første som fekk vita om ulukka.

– Dette er ei tragisk ulukke som gå inn på alle som bur i området, som heldt på med luftsport og som jobbar her.

Han seier at han er glad for at dei som var tettast på ulukka har vorte godt vareteke.

Erfaren utøvar

Arne-Christian Eide var ein erfaren utøvar innanfor luftsporten, og hadde reflektert mykje over risikoen med det han dreiv med.

– Eg er vel kjend for å ha ein viss risikoaksept og eg aksepterer vel litt høgare risiko enn gjennomsnittet, men eg har samstundes eit veldig bevisst forhold til det. Eg utset ikkje meg sjølv for ting eg ikkje forstår konsekvensane av, sa Eide til Nordhordland i 2021.

Speedflyingmiljøet i Norge tel nokre hundre personar, og ulykker skjer. Eide fortalde om eit miljø som tek vare på kvarandre om noko skulle skje.

– 2019 og 2020 var ein vond sesong, då var det fem personar som omkom under flyging, sa Eide.

Sette inn sikkerheitstiltak

Grov i Loen Skylift forklarar at dei har halde på med denne typen luftsport i seks år.

– Me har store besøkstal og det er stor aktivitet. Nokon har fleire hundre hopp per år, og enkelte har over tusen hopp.

Då dei starta opp i 2017, skjedde det fleire mindre ulukker, og det vart bestemt at det skulle settast i verk ulike tiltak for å auka tryggleiken.

– Det fekk god effekt og me har sidan unngått dei mindre skadane i stor grad. Men me har opplevd nokre tragiske ulukker. Det er eit risikomoment i denne sporten, og det er noko som alle er kjende med, seier Grov, og legg til:

– Enn så lenge så er det dei reglane som er i dag som gjeld og me rettar oss til dei. Ulukka som skjedde på fredag er noko som ikkje skal skje.

Overvakar området

Han forklarar at dei har overvaking av heile området og system som gjer at dei kjapt kan handla dersom det skulle skje ulukker.

– Dette har me gode rutinar på, og me har eit tett samarbeid med dei lokale naudetatane.

Operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt opplyste at det var fleire andre til stade då den fatale ulukka fann stad fredag.

– Då han ikkje landa på den avtalte staden, varsla dei politiet, fortel han til BA.