Gå til sidens hovedinnhold

Liv Løvvik til minne

Liv kom som ein frisk og positiv vind inn i organisasjonen vår hausten 2018. Me som tok del i arbeidet med å rekruttera ny rådmann i Austrheim, var ikkje i tvil då me hadde intervjua Liv, ho var vår nye rådmann!

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Diverre tok det ikkje lang tid før me fekk den triste meldinga om at Liv hadde fått ei alvorleg form for kreft. Men Liv let seg ikkje knekkja av den alvorlege diagnosen. Dette var ein kamp ho skulle vinna og det skulle ho gjera parallelt med at ho skulle setja Austrheim kommune i stand til å møta framtida.

Slik skulle det dessverre ikkje gå. Om morgonen den 5. februar fekk me den triste meldinga om at Liv hadde tapt kampen mot sjukdommen.

Trass i at ho kjempa i meir enn to år mot sjukdommen, makta ho likevel å setja tydelege spor etter seg i kommunen og den kommunale organisasjonen. Liv var med rette stolt av det ho fekk utretta den korte tida me fekk ha henne som rådmann i Austrheim kommune.

No er me prega av tomheit og sorg, men me sit og att med gode minner etter ei feiande flott og fargerik kvinne, full av positiv energi og pågangsmot.

Eg er takksam for at eg fekk læra Liv Løvvik å kjenna. Ho etterlet seg eit stort tomrom i organisasjonen, men i si tid som rådmann har ho rekruttert dyktige medarbeidarar som vil bera arven etter Liv vidare.

Våre varmaste tankar går til Liv sin familie og hennar næraste vener.

Eg lyser fred over Liv Løvvik sitt minne.

Kommentarer til denne saken