BA: – Eg er ikkje tøff på alle område, eg har nokre kompromisslause sider, men andre delar av meg er sårbare og urolege, seier Lise Klaveness sjølv.
– Men eg er bevisst rolla eg har sagt ja til å ha. Å vera leiar er ein tøff jobb og alt i alt har eg psyken og motivasjonen til å takla det. Det er eg trygg på. Rolla fungerar som eit skjold for å handtera sårbarheita mi. For eg kan vera veldig sårbar innimellom, seier 41-åringen til BA.
I helga opna det Klaveness kallar den mest kontroversielle meisterskapen i historia. I Qatar. Ifølge ho sjølv burde det aldri ha skjedd.
Årets Bergenser 2022
BA har sidan 1998 kåra Årets Bergenser, ein pris som har gått til mellom andre Erna Solberg, Bjarte Hjelmeland, Inga og Tor Blaha, Nathan Eshete, Kygo, Fargespill og Håvard Holmefjord Lorentzen.
I 2022 har lesarar sendt inn 450 nominasjonar. Av desse har BA valgt ut tre kandidatar.
Desse vert offentleggjort dei tre neste laurdagane.
Først ut er Lise Klaveness, president i Norges fotballforbund.
Avstemningen startar laurdag 3. desember, og varar frem til 14. desember.
– Me er ved eit vegskilje
Me har sete på møterommet «Skeid» og klikka ut på nasjonalarenaen i 20 minutt. Så kjem ho. Sjefen for Fotball-Noreg, sjølvaste presidenten, er pakka inn i ei svær kåpe. Ho slenger den over ein stol, danderar det lange mørkeraude håret, set seg og mumlar:
– Beklagar, eg heng litt etter mi eiga sjel!
– Kva?
– Ingenting, avfeiar ho.
Lise Klaveness er lite stæsja opp, men verkar nesten sliten. Klar til å ta ein ny runde om fotball-VM – no med BA.
– Eg er litt lei sånne portrettintervju, det er mykje enklare å ta omsyn til sak, det er det som er viktig no, seier ho.
Men ho vert overraska og glad då BA fortel henne at ho er ein av tre kandidatar til å verta kåra til Årets Bergenser.
– E' det sant, spør presidenten spent.
Lise Klaveness
- Lise Klaveness (41) født 19. april 1981 i Meland i Nordhordland.
- Gift med Ingrid Camilla Fosse Sæthre (44). Har tre gutar på to, seks og ni år.
- Far er IT-ingeniør, mor jobba i Bergen hamnestell.
- Utdanna advokat, har òg jobba som dommar.
- Fotballspelar: Starta i Kvernbit, Sandviken og Arna Bjørnar før ho gjekk vidare til andre norske topplag, har dessutan spelt i svenske Umeå, då dei låg på topp.
- Spelte 73 kampar for Noreg sitt A-landslag.
- Var første kvinnelege ekspertkommentator på TV i Noreg.
- Frå 2018 til 2022 hadde ho direktøransvaret for elitefotball i toppleiinga i Fotballforbundet.
- Fotballpresident frå mars 2022. Har særleg fokusert på menneskerettar og like moglegheiter for alle, uavhengig av hudfarge og legning. Reiste heile fotballverda mot korrupsjon og for menneskerettar i samband med VM i Qatar.
Dagen etter skal trebarnsmora reisa tilbake til Doha, hovudstaden i søkkrike Qatar.
Nesten heilt utan fotballtradisjonar og til rystande reaksjonar frå heile idrettsverda, sikra det vesle emiratet på den arabiske halvøya seg det største idrettsarrangementet i heile verda. Det skjedde i Zürich 2. desember i 2010.
Sidan har 6500 gjestearbeidarar mista livet under oppbygninga av Qatar-VM. Over 80 prosent av dei 2,9 millionane som bur der, er migrasjonsarbeidarar. Landet har ingen ytringsfridom og aksepterar ikkje homofili. Lise Klaveness kunne rett og slett ikkje ha budd der.
– Me er kommen til eit crescendo, eit vegskilje. Denne meisterskapen er resultat av éin kurs, no må me førebu kursendringa, seier Klaveness.
Den store talen
Ho meiner fotballen må ta like mykje ansvar for det som skjer utanfor bana før og under meisterskapa, som dei gjer for spelarane og leiarane.
– Det får dessutan konsekvensar for Noreg. Me må sjå til at HMS, løns- og arbeidsforhold er bra når me bygger ny infrastruktur.
I Qatar fungerte det ikkje.
Likevel gjekk debatten om boikott og flytting av meisterskapen fort over. Det var på bakgrunn av dette at Fotballtinget påla fotballpresidenten å halda den berømte talen i Doha 31. mars i år – berre tre veker etter at ho hadde starta i stillinga.

Dette sa Klaveness til FIFA-kongressen
På snaue seks minutt rysta Klaveness, som tidlegare hadde vore for boikott, FIFA-forsamlinga og ei heil fotballverd. Ho tok utgangspunkt i oppveksten med fotball på Meland i Nordhordland, og brukte seg sjølv som eksempel på kor altoppslukande interesse ein kan ha for fotballen.
Hylla over heile verda
Tilsynelatande uskuldig knuste ho til:
– Me kan ikkje ignorera ropa om endring. FIFA må opptre som ein rollemodell. Tildelinga av VM skjedde på ein uakseptabel måte. Menneskerettar, likestilling, demokrati og kjerneverdiane i fotballen – var ikkje i startellevaren før mange år seinare, sa ho.
Ho hausta storm frå FIFA og Qatar, men vart hylla stort sett over heile verda.
Talen kom etter initiativ frå den vesle Sportsklubben Trane i Bergen. Deira representant på Fotballtinget var barnetrenar Martin Paulsen.
Det var han som kom med forslaget om at fotballpresidenten skulle gå på talarstolen i Doha.
– All ære til Trane! erklærar Klaveness.
Ho dyttar peikefingeren i bordet for kvar staving. Dei fire armbanda sleng rundt armen.
Ho meiner det er eit godt døme på korleis grasrotdemokratiet skal vera.
– På dette tidspunktet måtte me tenka både praktisk og klokt for å skaffa gjennomslag for dei norske haldningane, forklarar fotballpresidenten.
Qatar
- Eit av dei rikaste landa i verda, men er mindre enn fylket Møre og Romsdal.
- Vert kalla emirat, det vil seia at statsleiaren er emir. Ettersom emirmakta er arveleg, omtalast emirat som monarki.
- 2,4 millionar innbyggarar, kor over 80 prosent er gjestearbeidarar.
- Ligg på ei halvøy i Persiabukta, og grensar til Saudi-Arabia.
- Hovudstad: Doha.
- Næring: Olje- og gass. Qatar har verdas største utslepp av CO₂ per innbyggar.
Kjelde: Wikipedia
– Det var då Trane kom med dette forslaget. Alle stilte seg bak. Ingen hadde tenkt på at me kunne gjera det på denne måten om ikkje Trane gjorde det, det er eg heilt sikker på, legg ho til.
Ho kallar forslaget både klokt og taktisk.
– Lise si framstilling er rett, seier Martin Paulsen til BA.
Han meiner saka viser at i fotballverda så tel kvar einaste stemme.
– Dette viser kor viktig engasjement er. Det som skjer på vår bane har relevans til det som går føre seg i Qatar. Me må slåst for å få den fotballen me ynskjer, seier Paulsen.
– Vart du litt stolt då Klaveness gjekk på talarstolen i Qatar?
– Eh, ja! kjem det litt forsiktig.
– Men eg var dessutan imponert over måten ho framførte talen på.
– Det var ubehageleg
Klaveness skreiv talen sjølv, men fekk innspel frå kollegaer på Ullevaal, supportere, andre i leiinga, kretsane og Amnesty.
– Dessutan la eg den fram for den etiske komiteen i forbundet, der Martin Paulsen sit. Eg fekk nokre innspel og idear som eg følgde.
– Var du stolt eller nervøs då du sto der?
– Eg var ikkje stolt eller nervøs, eg var konsentrert og engasjert. Det var veldig vanskeleg og ubehageleg i dagane og timane før talen. Eg var ikkje særleg populær, ingen ynskte at eg skulle gjera dette. Men eg var òg motivert og «driven» min var sterk fordi eg visste at heile fotball-Noreg stod bak meg.
Ho fortel at ho fekk ei tekstmelding rett før ho skulle på talarstolen. Ho hugsar framleis ordrett kva den då ukjende mannen skreiv:
– Det vart bokstaveleg for meg. Eg vart bemyndiga og sterk av å tenka på kompetansen eg tidlegare har tileigna meg. Eg var leiar i fotballen, eg har vore dommar og advokat og er vant til å stå i konflikt. Det var litt som å vera i ein rettssal, for det vart ganske stille, seier ho.
Barna spelar, men …
No har ho dratt tilbake igjen. Klaveness skal ikkje sjå ein einaste fotballkamp og drar heller ikkje der for å feira VM 2022. Lise Klaveness skal minna pampane om at krava til demokrati og menneskerettar langt frå er gløymde. Og halde fram kampen for at skandaleombruste FIFA tek ein annan kurs – i tråd med meir demokratiske tradisjonar.
– Eg skal ha våre møter med andre forbund, FIFA, VM-komiteen og menneskerettsorganisasjonar, og dessutan treffa pressa. Me skal sjå til at dei ideane me står for er representert internt i fotballfamilien når VM går av stabelen, seier Lise Klaveness.
Ho har vore open lesbisk i mange år, og ville ikkje sloppe inn i landet under normale omstendigheiter.
– Kva med tryggleiken nå?
– Det er andre enn meg som tek vare på den, og eg har fått råd om ikkje å snakka om tryggleiken offentleg. Men eg skal bevega meg i offentleg regi heile tida. Der er verken ynskjeleg eller forsvarleg med meg på frifot hele tida.
Det er nok dei heime i huset på Nordstrand, på «austkantens vestkant» i Oslo, fornøgde med.
Ho er gift med tidlegare fotballspelar Ingrid Camilla Fosse Sæthre og har tre gutar på ni, seks og to år. Ingen av dei er med henne til Qatar.
– Men barna elskar vel fotball?
– Dei to største spelar, men den store lidenskapen er visst uteblitt. Mødrene jobbar med saka, smilar Lise Klaveness.
Skal sjå på TV
– Bør nordmenn sjå eller ikkje sjå TV-sendingane?
– Vel sjølv! Det finst ingen annan fasit enn at apati er øydeleggjande. Me må engasjera oss, saman, i at internasjonal fotball må tuftast på etisk leiarskap, transparens, likeverd og anti-korrupsjon. Om dette engasjementet inneber at ein ser på kampane eller ikkje, er ikkje avgjerande, seier Klaveness.
Ho meiner vedvarande engasjement er det viktige.
– Eg skal sjå kampane på TV fordi det følger mi rolle. Eg er valt av heile fotball-Noreg og må representera alle. Då må eg og sjå kampane og pressedekninga rundt. Men verken eg eller andre i NFF skal vera til stades på stadion i Qatar.

Det store fotballranet – det er på tide å vakna
