For dei fleste er ho kjent som TikTok-kjendis og kroppspositivist. Linnea Løtvedt sine videoar har millionar av sjåarar over heile verda.

20-åringen frå Alversund veit at ho har stor påverknadskraft, og er oppteken av å spreie kunnskap og viktige bodskap til dei unge følgarane sine.

Nyleg var ho med i TV2-serien «Ekte», der ho sette fokus på kroppspress. Løtvedt har tidlegare også vore open om angst- og tvangslidingar som har prega store delar av livet hennar.

Eigen «merch»

I november lanserte Løtvedt eit eige klesmerke hos D2SHOP. Det Stavanger-baserte selskapet lagar såkalla «merch», som er produkt tilknytt artistar og band.

Løtvedt hadde ein klar tanke bak sin eigen merch, som ho valde å kalle for PULS.

– Eg ville ha eit eige klesmerke som la vekt på psykisk helse. Namnet PULS refererer til det å halde ein stabil puls.

Sjølv får ho ustabil puls når ho har angstanfall, og ser på merket som ei påminning om å halde hovudet kaldt.

Ønsker å utvide

Foreløpig består «PULS by Linnea» av hettegenserar i ulike fargar. Tiktokaren seier at ho ønsker å utvide kolleksjonen i framtida.

Det er ho sjølv som har designa plagga, medan D2SHOP står for trykkinga.

Ifølge Løtvedt har merchen blitt svært godt motteke av følgarane hennar.

– Veldig mange er glade, og synest det er bra at eg spreier bevisstheit gjennom produktet. Det representerer både psykisk helse og meg som person, seier ho.