Linn har skrive sin eigen julesong - no er ho i studio med si første plateinnspeling

Ho er veldig glad i jula og har mange juletradisjonar ho opprettheld kvart år. Linn Haaland framførte sin sjølvskrivne julesong på dobbelkonserten i Knarvik kyrkje «kvelden før kvelden». No er ho i studio med si første plateinnspeling.

DEL

–«My Christmas» handlar nettopp om «mi jul». Låten handlar om dei små tinga som eg set pris på, og at det viktigaste for meg er at eg kan feira jul saman med familien, seier Linn.

Det startar med julekakebaking første laurdag i advent saman med barna sine, mor si og bror sin.

– For oss er kakemenn ein kunst, og vi har kakeformer frå dei tradisjonelle til Star Wars, fortel ho.

I romjula er det familietid, avslapping og god mat som står i fokus for Linn og familien.

– Første juledag er det brunsj hjå mamma, og litle nyttårsaftan er det quiz og tapas hjå svigers. Nyttårsaftan er den dagen i året eg regjerer på kjøkkenet. Då blir det full kalkunmiddag med to typar stuffing, søtpotetpai og potetstappe med både fløyte og smør. Dette er ein tradisjon eg har hatt sidan 2009, etter eg kom heim frå studiar i Canada, der eg fekk inspirasjon frå Thanksgiving-middagen dei hadde der, seier Linn.

Ho legg til at ho under normale omstendigheiter også ville ha treft mange vener i romjula, men dette må naturleg nok utgå i år.

Nytt singelslepp i mars

Det er andre gong Linn Haaland framfører sin flotte og jazzinspirerte julesong, som ho gav ut like før jul i fjor.

– Det har vore svært begrensa med konsertar i år. Så det var veldig hyggeleg å få framføra den to gonger denne kvelden før kvelden, seier ho.

Linn skriv låtar sjølv, og er no i gang med si første plateinnspeling som ho håpar er ferdig komande haust. Ho har alt slept fleire singlar, og er klar med nytt slepp i mars.

Knarvik-artisten framførte også Eivind Skeie sin vakre julesong, «Tenn Lys» på dobbelkonserten, - ein låt ho lenge har hatt eit forhold til som del av julesong-repertoaret i familien.

– Det var likevel noko med teksten som trefte meg litt ekstra i år, seier Linn Haaland Vetaas.

«Fullt hus» x 2

Det spøkte lenge for den tradisjonsrike «kvelden før-kvelden»-konsert i Knarvik kyrkje i år. Primus motor Kjersti Wiik hadde med seg eit lokalt stjernelag av songarar og musikarar, og med støtte frå Kulturrådet gjennomførte dei like godt to konsertar same kveld.

– Kjekt det kom «fulle hus» (maks. 50) trass i at mange er redde for koronasmitte, seier Kjersti Wiik, som også hadde all grunn til å vera godt nøgd med gjennomføringa.

Frode Skag Storheim sat både ved orgelet og ved flygelet. Orkesteret, som også bestod av Maria Eikefet (fiolin), Rebekka Eikefet (cello) og Viljar Bjørsvik Rath (trompet) slo verkeleg an tonen og skapte magiske tonar med "You to the World".

Frode Skag Storheim sat både ved orgelet og ved flygelet. Orkesteret, som også bestod av Maria Eikefet (fiolin), Rebekka Eikefet (cello) og Viljar Bjørsvik Rath (trompet) slo verkeleg an tonen og skapte magiske tonar med "You to the World".

Med på laget var Frode Skag Storheim, som saman med søskenparet Maria og Rebekka Eikefet på fiolin og cello, og Viljar Bjørsvik Rath, skapte magiske tonar i kyrkjerommet.

Knarvik-sopranen og konsertarrangøren deltok sjølv med flott song og hadde i programmet med seg solistane Linn Vetaas, Astrid Skodvin, Emilie Wilkensen Lygre og Kristine Hansen Titland, som alle er hennar elevar. Dei presenterte ein variert og stemningsfull konsert.

Emilie Wilkensen Lygre ein av dei dyktige solistane på konserten, ho song "The Christmas Song" og "When you wish upon a star".

Emilie Wilkensen Lygre ein av dei dyktige solistane på konserten, ho song "The Christmas Song" og "When you wish upon a star".

Tok tilhøyrarane med til Betlehemsmarkene

Kjersti Wiik la opp konserten som ei reise i Midt-Austen, som ho sjølv gjorde i 2017, og knytta kommentarar til song og musikk som vart framført. Ho tok tilhøyrarane med både til Betlehemsmarkene og andre sentrale stader frå bibelsoga.

Skag Storheim og orkesteret slo verkeleg an tonen med «Joy to the World». Kjersti Wiik fekk fram si stemmeprakt i «Panis Angelicus», og ho song mellom anna «Mitt hjerte alltid vanker». Ho framførte også mektige «Pie Jesu» i duett med ein av elevane sine i kulturskulen, Kristine Hansen Titland.

Kristine Hansen Titland var solist på "Høyt under himmelens stjerner" og "My grown up Christmas Lust".  Bak Rebekka Eikefet på cello.

Kristine Hansen Titland var solist på "Høyt under himmelens stjerner" og "My grown up Christmas Lust". Bak Rebekka Eikefet på cello.

«Håpets år 2021»

Tilhøyrarane kunne fryda seg over kjende songar som «Himlen i min favn». Ein ny julesong frå Øygarden, «Øyfolkets jul», skriven av Tony Ågotnes/Hermund Rebnord, stod også på programmet. Dei musikalske kreftene løfta tonane mot kyrkjetaket i framføringa av «O helga natt», med Kjersti Wiik og Astrid Skodvin som solistar, før bandet sette punktum for konserten med «Deilig er jorden».

Normalt sett skulle tilhøyrarane stemt i med orkesteret i den vakre songen, men ikkje i ei korona-tid.

– Me må vera tolmodige ei stund til. Men de kan nynna med så forsiktig de kan, men ikkje slik at Bent Høie eller Espen Rostrup Nakstad høyrer oss, sa Kjersti Wiik, før ho sette punktum med å utropa 2021 til «Håpets år».

Fullt hus og 50 frammøtte på begge konsertane. Smittereglane vart følgde, og folk sette tydeleg stor pris på det som vart framført.

Fullt hus og 50 frammøtte på begge konsertane. Smittereglane vart følgde, og folk sette tydeleg stor pris på det som vart framført.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken