Velkomen til turparadiset

FLISEN SKAL FRAM: Eikanger bygdelag har gjort eit flott arbeid med å bygga ut og tilrettelegga for nye turstistar. Til våren skal løypene skiltast og det skal setjast opp kart. Ingen skal gå seg vill i dette flotte tureldoradoet, som du kan trakka ut i rett frå E39. Her kan du finna deg fleire ulike trasear, både korte og lange turar. Mellom anna til Baståsen og skulemuseet på?Vassel. Frode Haukås (t.h.), Leif Hopland, og Gisle Hodneland (bak) på veg ut med sekkar fylt med flis.

FLISEN SKAL FRAM: Eikanger bygdelag har gjort eit flott arbeid med å bygga ut og tilrettelegga for nye turstistar. Til våren skal løypene skiltast og det skal setjast opp kart. Ingen skal gå seg vill i dette flotte tureldoradoet, som du kan trakka ut i rett frå E39. Her kan du finna deg fleire ulike trasear, både korte og lange turar. Mellom anna til Baståsen og skulemuseet på?Vassel. Frode Haukås (t.h.), Leif Hopland, og Gisle Hodneland (bak) på veg ut med sekkar fylt med flis.

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Store mengder flis, eit 40-tals klopper og mange steinheller er lagt ned for at du skal finna vegen i eventyrlandet mellom Eikanger og Eidsnes.

DEL

Hjorten ser ut til å ha vore på tur før oss denne fine november-dagen. Frå E39 kan du gå rett ut i flott natur, på stiar som er tilrettelagt for at flest mogleg skal ha glede av ein tur i skog og mark.

Eikanger bygdelag har gjort ein kjempeflott jobb. Eit 40-tals klopper – med eit par tusen meter terassebord, er bygt ut for å føra deg trygt gjennom dei blautaste partia. Det er lagt mange kubikk flis, og mange heller for å gjera terrenget tilgjengeleg.

Over 10 km tursti

Med utgangspunkt i E39 kan du ta rundturar både til Baståsen og til skulemuseet på Vassel. Når alt er ferdig vil det vera tilrettelagt over 10 km med tursti, inkludert rundt Arivatnet. Dei

er kome langt på veg, og til våren skal det også skiltast skikkeleg. Fleire av stiane er gamle gamle ferdselsvegar mellom bygdene.

Er priviligerte

– Vi er priviligerte som har eit så flott turterreng i Eikangerbygda.Det er kjekt å gjera dette terrenget meir tilgjengeleg, seier Anders Eidsnes, som har vore primus motor for turstiprosjektet.

Han fortel at bygdefolk har stilt opp og gjort dugnad. Bygdedlaget har så langt fått 55.000 kroner i tilskot, med KLP, Gjensidigestiftelsen, Sparebankstiftelsen (DnB) og Eikanger helselag som bidragsytarar.

På grensa Eikanger-Eidsnes

– Her er Mattisleet – grensa mellom Eikanger og Eidsnes, fortel Leiv Eidsnes, som er kjendmannen vår på turen. Vi passerer også «Revehaug-ane», eit namn som tyder på at det har vore revefangst i området. Og framleis er Mikkel å sjå frå tid til annan.

Der folk bur

«Aktivitet der folk bur» er mottoet i Lindås kommune sin nye idrettsplan. Det er nettopp det bygdelaget på Eikanger legg opp til.

– Det handlar om å skapa naturlege arena for kvardagsaktivitet, seier Anders Eidsnes. Han har sterkt tru på at tilrettlegging av turstiar er nøkkelen til aktivitet. Bygdelaget slår gjerne eit slag for folkehelsa. Godt tilrettelagt med turstiar i lokalmiljøet blir framheva som den viktigaste faktoren for god folkehelse.

– Turstiar er hjelp til sjølvhjelp for helsa. Med økonomisk støtte i ryggen får vi gjort enkle tiltak som gir god effekt, seier Eidsnes.

Benkar og aktivitet i løypa

Turstiar er eit tilbod alle aldersgrupper kan gjera seg nytte av. Mykje er gjort, men Eikanger Bygdelag ønskjer å ha oppgradering av turstiar som eit satsingsområde også i tida som kjem. Bygdelaget har også planar om å få på plass parkbenkar og aktivitetsskapande leikar (t.d vaierbane) for å gjera løypenettet endå meir attraktivt også for småbarnsforeldre.

– Neste år skal stiane merkast og skiltast, og det skal setjast opp kart, så ingen skal vera redd for å gå seg bort, seier Anders Eidsnes.

Han er opptatt av at folk skal kunna ta seg ein tur i marka uavhengig av vér og føreforhold.

– Vi manglar det ultimate utkikspunktet. Men terrenget er småkupert, og eignar seg ypperleg til turbruk, seier han.

Lett tilgjengeleg for alle

E39 går tvers gjennom skogen på Eikanger, så turstiane er lett tilgjengeleg også for andre enn folk på Eikanger. På Fyllingsnes er det også konkrete planar om utbetring av turstiar.

Denne dagen seint i november har kong vinter sett forsiktige spor etter seg på stiane mellom?Eikanger-bygdene. Sola har titta fram, og ingen ting kan vera betre enn ein tur i det vakre eventyrlandet.

Artikkeltags