Vil ha fleire i trimrittet

TRIMRITTET: Nytt av året i Nordhordland Rundt er eit 23 km langt trimritt, utan tidtaking. Nytt er det og at målområdet er flytta til kyrkjelydshuset. arkivfoto

TRIMRITTET: Nytt av året i Nordhordland Rundt er eit 23 km langt trimritt, utan tidtaking. Nytt er det og at målområdet er flytta til kyrkjelydshuset. arkivfoto

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Det er framleis mogleg med førehandspåmelding til Nordhordland Rundt på sykkel. Arrangørane etterlyser fleire deltakarar i det kortare trimrittet ein forsøker å etablera i år.

DEL

Det 90 km lange rittet har vore svært populært dei siste åra. Maks grense for deltakarar er sett til 800 av omsyn til tryggleiken, og rittet har vore fullteikna fleire år på rad.

I år går løpet 31. mai, som ein siste kondistest før vestlandsklassikaren Bergen-Voss veka etter.

Familie-trim

I skrivande stund er det over 400 påmelde. Men enn så lenge svært få som har valt den 23 km lange trimutgåva utan tidtaking.


– Medan det er 17 års aldersgrense i turrittet rundt Nordhordland, er det ope for alle i trimrittet. Dette er meint som ein hyggeleg tur der heile familien kan sykla saman. Det er ikkje tidtaking i trimritt, seier rittleiar Janicke Moldekleiv.

Motsett veg

Starten går i Alversund, der også det lange løpet startar. Men medan hovudløpet går utover Radøy mot Austrheim, går trimrittet motsett veg. Det vil sei opp over Erstadfjellet, mot Seim på gang og sykkelevegen, og deretter inn i Nordhordland Rundt-løypa mot Vollom og attende til Alversund.

Nytt av året er og at målområdet er flytta til området ved kyrkjelydshuset i Alversund. Tidtakinga vil stoppa på Tveiten som før, medan ein altså forsøker å skapa eit felles målområde same stad som starten går.

Påmelding

Påmelding til begge ritt skjer på heimesida til tidtakarverksemda eq-timing, eller via heime-sida til Nordhordland Sykkelklubb.


Det vert og høve til etterpåmelding startdagen, men arrangørane oppmodar så mange som mogleg om å melda seg på i forkant for å unngå kø og venting løpsdagen.


– Vi har bestilt solskinn og håpar på ein strålande sykkeldag for alle neste søndag, seier Jannicke Moldekleiv.

Artikkeltags