Slår eit slag for psykisk helse

SAMARBEID: Frå venstre: Marit Midtgård og Anne Birthe Gaustad, Salto, Terje Olav Olsen og Sven Samuelsen, Mental Helse og Ingrid Bekkenes, Salto.

SAMARBEID: Frå venstre: Marit Midtgård og Anne Birthe Gaustad, Salto, Terje Olav Olsen og Sven Samuelsen, Mental Helse og Ingrid Bekkenes, Salto.

Artikkelen er over 8 år gammel

Curl Power kjem. Kjem du?

DEL

Verdensdagen for psykisk helse som er 10.oktober, skal i Lindås markerast både fredag og mandag.

- I år har vi fokus på ungdom under utdanning og korleis vera open om psykisk helse. På grunn av haustferien vil vi fredag besøka dei tre ungdomsskulane i kommunen, seier Terje Olav Olsen i Mental Lindås. Elevane vil på alle tre skulane få oppleva fart og show med Norske Talenter-gruppa Curl Power, men også reprentantar frå Mental Helse, ungdomskontakten Salto og helsesøster som skal snakka til elevane om kor viktig det er å ta vare på den psykiske helsa.

Alle kan koma

Mandag er sjølve aksjonsdagen, som vert markert over heile verda. I Knarvik opnar Salto dørene for alle kl. 13.00, der ein fram til kl. 20 kan slå av ein prat om laust og fast. Det vert også servering. Salto har flytta til andre etasje i bygget der dei var før, no vis-a-vis Knarvik senterkontor.

I senteret vil det vera stand og utdeling av informasjon. Det lokale bandet “Copyright” vil underhalda på senterscena.

- Vi synest dette er eit viktig tiltak å vera med på, seier dei tilsette på Salto.

Fleire medspelarar

- Neste år håpar vi fleire kan vera med oss bak arrangementet, seier Ingrid Bekkenes på Salto og Terje Olav Olsen, som i år ønskjer alle velkomne til å delta

Artikkeltags