Han er ein av dei fem gutane som står bak elevbedrifta Lecko, som henta heim heile tre premier då alle skulane i Hordaland var samla i Grieghallen til konkurranse i entreprenørskap, med produktet «hjulhjelparen», som gjer dekkskift til ein leik.
I tillegg til 1.-premie for «beste innovative produkt», fekk dei 2.-premie for «beste verdiskapingspotensial» og 3.-plass i kategorien «beste utstilling».
Den flotte standen har dei sørga for sjølv, med god støtte frå lokale sponsorar.
Til NM
No er det NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm i slutten av april.
Torsdag vart dei feira av lærar, medelevar, kommune og næringsliv i Knarren på Knarvik vidaregåande skule.
LES OGSÅ: Sjå den geniale oppfinninga til 16-åringane
– Store gratulasjonar frå oss i Lindås kommune, seier Nina Bognøy, fungerande ordførar i Lindås kommune.
– Ein kvar møblert heim med bil og garasje burde hatt slikt utstyr, seier Bognøy.
Også Børge Brundtland frå Industriutvikling Vest rosar arbeidet dei fem ungdommane har lagt ned i utviklinga av sitt unike produkt.
– Jobb vidare
– Min klare oppfordring er at de på ein eller annan måte må jobba vidare med dette produktet. Dette er eit produkt som kan konkurrera med kva som helst, seier han.
– Dette viser kor viktig det er å tenka utradisjonelt, og ikkje oversjå kvardagsproblema. Ein kan faktisk løysa dei på ein genial måte, seier han.
LES OGSÅ: Dette initiativet har skapt 37 nye arbeidsplasser på fem år
Dei fem ungdommane gler seg til å delta i NM.
– No skal vi produsere nokre fleire ferdige produkt, og vera endå meir entusiastiske i presentasjonen. Det hadde vore veldig kjekt å vinna ein innovasjonspris til, sjølv om det er kjekt berre å få vera med og delta i NM, seier Steinar Feste Kvamme, som kom opp med ideen til «hjulhjelparen».
– Enno har vi nokre små finjusteringar vi vil få på plass for å få det heilt perfekt, sluttar han.
Kommentarer til denne saken