Seier nei til utsetjing

Artikkelen er over 6 år gammel

Skodvin-elevane må flytta.

DEL

5 kr for digitalt abonnement i 5 veker

Med 17 mot 14 røyster sa Lindås-politikarane no i ettermiddag nei til å utsetja nedlegginga av Skodvin skule.

Skodvin-krinsen ønskjer å få verknaden av vedtaket om å legga ned skulen flytta eit år fram, slik at ein ny privatskule skal kunne koma på plass.

Dette vil altså ikkje fleirtalet av dei folkevalde i kommunen vera med på.

Engasjert debatt

Etter ein debatt med mange engasjerte innlegg, vart Skodvin-krinsen sin søknad om eitt års utsetjing nedstemt ved hjelp av røystene til Frp, Ap, Tore Svendsen (SV) og uavhengige Unni Sæbø, som tidlegare i år melde seg ut av Høgre.

Svendsen stemde mot utsetjing då han av prinsipp er mot private skular.

Må snu etter eitt år

No må elevane frå Skodvin belaga seg på eitt år på Lindås barneskule før dei eventuelt kan koma tilbake til Skodvin, og ny privatskule.

I debatten fokuserte mindretalet sterkt på at Lindås barneskulen faktisk ikkje vil stå ferdig utbygt før tidlegast ut på nyåret 2012.

Kjem til byggeplass

-Elevane kjem til ein byggeplass, der det må setjast inn mellombelse brakkeløysingar i byggeperioden. Det er uansvarleg, vart det påpeikt.

Fleirtalet festa lit til at rådmannen og skuleadministrasjonen klarar å få på plass tenlege løysingar for elevane, og frykta ikkje for negative konsekvensar for Skodvin-elevane ved å bli overflytta i ein slikt situasjon.

Les meir om debatten i Nh lørdag.

Artikkeltags