Sju lokale korps i brass-NM

Eikanger Bjørsvik Musikklag og Manger musikklag vil også i år kjempa om NM-tittelen i elitedivisjon for brassband i Grieghallen i helga. I alt sju lokale korps deltar i brass-NM.

DEL

EBML er regjerande norgesmeister, og må finna seg i favorittstempelet også denne gongen. Korpset har mange NM-triumfar å sjå tilbake på. Men marginane er små, og både MML og Stavanger Brass Band er sterke utfordrarar. Bjørsvik Brass – som også har mange lokale medlemmar, har også hevda seg godt i seinare meisterskap, men det er ikkje forventa at dei skal ta kampen opp med våre to fremste ambassadørar.
Sjå brass-NM live på nordhordland.no 


I 1. divisjon er Nordhordland representerte med Radøy Brass og Oster Brass. Begge korpsa har lang fartstid i denne divisjonen frå før, men konkurransen er knivskarp og ei plassering heilt i toppen kan bli tøft.
I 2. divisjon stiller Manger old brass, og i 3. divisjon er Lindås Brass klar til innsats.
Det deltek i alt 76 korps i fem divisjonar i årets NM for brassband i Grieghallen.. Festkonsert og premieutdeling er lørdag kl 20.45.

Elitedivisjon
Manger Musikklag, Eikanger Bjørsvik Musikklag, Bjørsvik Brass, Oslo Brass Band, Tertnes Brass, Molde Brass Band, Jaren Hornmusikkforening, Stavanger Brass Band, Musikkorps Gjallarhorn, Oslofjord Brass

 

1. divisjon (12 korps)
Oster Brass, Radøy Brass

2. divisjon
Manger old star



3. divisjon (15 korps)
Lindås Brass

Artikkeltags