Vegen til Radøy vert nattstengd

Brua over Alverstraumen vert stengd frå kl. 00.00 til kl. 05.00 grunna vegarbeid i perioden 15. februar til 17. mars. Personbilar får passere kl. 02.00 og 04.00.

Brua over Alverstraumen vert stengd frå kl. 00.00 til kl. 05.00 grunna vegarbeid i perioden 15. februar til 17. mars. Personbilar får passere kl. 02.00 og 04.00. Foto:

Av

I tidsrommet 15. februar til 17. mars vert brua over Alverstraumen nattestengd grunna vegarbeid.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Arbeidet vil gå føre seg frå midnatt til kl 05.00, og i denne perioden vil brua verte stengd i opp til to timar. Personbilar vil kunne passere brua kloka 02.00 og 04.00, melder Statens Vegvesen i ei pressemelding.

– Dei gamle brufugene må meislast ut og då det ei stor opning som vanlege køyretøy ikkje kan køyre over, opplyser byggeleiar Håkon Matre.

For å kunne la bilar passere må fuga dekkast til med store stålplater. Utrykkingskøyretøy kan passere arbeidsstaden medan det vert jobba.

-Skifte av brufuger er heilt normalt vedlikehaldsarbeid. Brufugene vert slitt ned i løpet av åra og dei må skiftast med jamne mellomrom, fortel Matre.

Utrykkingskøyretøy, gåande og syklande vil kunne passere i heile stengetida, opplyser Vegvesenet.

Artikkeltags