15 tatt for høg fart på Hilland

DEL

– Me byrjar ikkje å ta folk på 50 akkurat, og då er farten for høg. Det er ikkje bra.

Det seier lensmann ved Nordhordland lensmannskontor, Kjell Idar Vangberg til avisa Nordhordland.

På måndag hadde UP kontroll i 50-sona på Hilland. Og i løpet av nokre føremiddagstimar vart 15 tatt for å ha køyrd for fort. Den høgaste hastigheita vart målt til 67 km/t.

– Gjennomsnittshastigheita er for høg når slikt skjer. Og dette var på føremiddagen, peikar Vangberg på.

Han seier at Hillandkrysset er rekna som eit uoversikteleg kryss.

– Det er tett trafikk i området og det er mange bilar som skal ut i ulike kryss. Det er grunnen til at det er låg fart der, seier han.

Han seier at om hastigheita hadde vore høgare der eller andre strekker ville det vorte adskilleleg vanskelegare å komma seg ut i trafikken for andre.

– Folk kvir seg om bilane på hovudvegen køyrer veldig fort, seier han.

Artikkeltags