– Vil visa fram den perla vi bur i

VELKOMMEN TIL SPJELDNES GARD: Kjartan og Heidi Spjeldnes opnar dørene for gjestar. FOTO:  Eilif Stene

VELKOMMEN TIL SPJELDNES GARD: Kjartan og Heidi Spjeldnes opnar dørene for gjestar. FOTO: Eilif Stene

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

– Vi begynte tidleg i år, og har hatt travle helgar sidan. Det synest vi er kjekt.

DEL

Det har vorte ein del julebord i løpet av novmeber og desember.
– Berre èi helg har vore heilt tom, då vart familien prioritert. Elles har det vore full rulle, fortel Heidi Hauge Spjeldnes. Ho driv Spjeldnes Gard, saman med mannen Kjartan.

God kapasitet

På juleborda har det vore show med Karina Borgen Solen, som er kjent og kjær i Nordhordland.
 

- Det har vore veldig populært, med gode tilbakemeldingar, fortel Spjeldnes.
 

Det er første året at det har vore så stor kapasitet på staden, nyleg pussa dei nemleg opp høyrommet, og fekk dermed plass til 110 bespisande gjestar. I taket på høyrommet har dei bevart den gamle kjørebrua, sånn som den stod, og ein får tydeleg inntrykk av korleis det var før i tida.
 

– På sikt skal vi innreia der oppe, men det blir ikkje servering der. Det vil ikkje vera forsvarleg, ler Spjeldnes.

Prestebolig

Garden har lang historie bak seg, og ein kan finna namngitte personar heilt tilbake til 1400-talet. På den tida var det prestebustad. Inovasjon Norge har vore støttespelar gjennom prosessen då fjøs og låve skulle verta flotte lokale til servering, fest og dans.
 

– Inovasjon Norge er opptekne av at vi skal nytta gamle bygg. Hadde det ikkje vore for dei veit eg jammen ikkje om vi hadde kome hit vi er i dag, seier Spjeldnes.
 

Den eldste delen var ferdig oppussa i 2008. Då var det frua sjølv som hadde lyst å laga til private selskap i det flotte gamle fjøset. Så vart etterspurnaden på arrangerte selskap så stor at dei fann ut at her var det berre til å satsa.

Ei perle

I år vart det halde Julemarknad for andre gong på Spjeldnes Gard.
 

– Då har vi samarbeid med andre aktørar her på nedre Lindås, så det er veldig kjekt.
 

– Denne desember er første året med så stor pågang, og vi hadde fleire flotte folk inne med salsboder. Eg er veldig oppteken av at ting skal vera naturleg og ekte, vi vil ikkje ha noko bling-bling her, ler Heidi, som føler at ho bur i ei perle.
 

- Det er så vakkert her at alle burde få sjansen til å koma å sjå. Det å driva her er utruleg kjekt, vi får synt fram staden på best mogleg måte.

Mannen min, Kjartan, har arbeid utanom, så i periodar er det mykje å gjera, fortel ho.
 

Det har vore arrangert ein del konsertar og andre hendingar på garden den siste tida. Heidi likar at ting skjer, og vert glad når det er travle tider.
 

Ho har auge for detaljar, og det ser vi rundt om på garden. Små skilt med morosame sitat finn ein alle vegar. På toalettet får alle kvar sin vesle handuk til å tørka hender på. Her finst det også lesestoff.
 

Spjeldnes Gard er i hovudsak ei familiebedrift, der Heidi og Kjartan har med seg ein son, og svigerinna.
 

No ventar julefri og familiehygge for familien Spjeldnes, som ser fram til nokre veker med stillheit etter ei travel førjulstid. Så ventar eit nytt år med nye gjestar og nye arrangement.

Artikkeltags