Vil lokka folk ut på tur

UT PÅ TUR: - Målet vårt er å få flest mogleg ut på tur, seier senterleiar Åge Torsvik i Knarvik senter og dagleg leiar i KnarvikMila, Eddie Ebbesvik. foto Randi Bjørlo

UT PÅ TUR: - Målet vårt er å få flest mogleg ut på tur, seier senterleiar Åge Torsvik i Knarvik senter og dagleg leiar i KnarvikMila, Eddie Ebbesvik. foto Randi Bjørlo

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Ta selfie på toppen og bli med i trekninga av ti fylte tursekkar.

DEL

Gode krefter har slått seg saman for betre folkehelse i Friluftslivets år.

Ut på tur

- Vi vil at folk skal halda seg i aktivitet, og igjen at flest mogleg skal bli med på årets KnarvikMil sjølvsagt, seier dagleg leiar Eddie Ebbesvik. I lag med samarbeidspartnaren Knarvik senter har dei laga til ein ekstra gimmick for å få flest mogleg ut på tur.
 

- KnarvikMila er opptatt av folkehelse, og dette passer absolutt i vårt folkehelseprosjekt «Lettare til fots», seier Ebbesvik.
– Også vi er opptatt av at folk skal halda seg i god form. Difor er det kjekt å kunna vera med på denne typen prosjekt. Dette passar for alle som likar å gå på tur. Og er du blant dei som nøler med å koma deg ut, er dette ein gylden sjanse, seier senterleiar Åge Torsvik.
 

Nh har invitert dei to karane med på tur. Og mirakuløst nok greier vi å tima turen mellom regnbygene.

Ti turmål

Etter nøye drøfting har dei to plukka ut ti toppar/turmål som skal vera med i dette prosjektet.
 

- Ein avgjer sjølv om ein vil gå på ein eller fleire av toppane. Men målet vårt er å kunna inspirera flest mogleg til å finna fram til nye turmål, seier Torsvik.

Skilt og selfie

KnarvikMila har oppgåva med å setja ut skilt på dei 10 plassane, i tillegg til mottak av bilde frå ivrige turgåarar.
 

- Det er viktig at ein tar mobilbilde (selfie) på toppen, der ein og har med skiltet, om ein vil vera med i trekninga av sekkane, seier Ebbesvik.
 

Trekninga vil bli foretatt på sjølve KnarvikMil-dagen.
 

- Til kvart turmål hører det ein tursekk, fylt med turbøker, gåvekort og mykje anna. Desse blir trekt blant dei som har sendt oss bilde frå toppen, seier Ebbesvik.

Start 1. mars

1. mars går startsskotet. Frå då vil ein finna skilta på plass på kvart av turmåla. Siste turdagen som vert registrert i dette prosjektet, er 31. august.
Kvart av turmåla vil bli presentert nærare i Avisa Nordhordland dei kommande vekene. Fleire av desse plassane har spennande historier å fortelja, så det hadde vore kjekt om kommunane eller andre kunne syta for at denne typen informasjon møtte turgåarane når dei kom fram.
 

- Vi håpar mange med dette blir inspirerte til å få med seg familien, vener eller naboen ut på tur i friluftsåret 2015, seier Åge og Eddie.

Artikkeltags