Gå til sidens hovedinnhold

Skummelt bra underhaldning

Artikkelen er over 6 år gammel

– No er eg litt tom, men veldig glad.

Little shop of horrors:

Det seier Tor Halvor Halvorsen like etter premieren på Litle shop of horrors på Cornerteateret på Møhlenpris i Bergen, onsdag kveld.

Ein fullsett sal fekk med seg premieren på musikalen, som vert sett opp for fyrste gong i Bergen.

Stykket, som er basert på ein film frå 1960-talet, står seg like godt i dag og byr på humor og god musikk.

Det handlar om Seymore (Tor Halvor Halvorsen), ein tilsett i ein blomebutikk som dyrkar fram ein plante som lever på menneskeblod og kjøt. Ingenting anna er godt nok.

LES OGSÅ: undefined

Det byrjar med litt blod frå fingrane til Seymore. Men så plutseleg byrjar planta å snakka til Seymore. Og den lokkar han utpå. Om berre planta Audery 2 (som er oppkalla etter den store forelskinga til Seymore) får menneskekjøt, kan den byrja å oppfylla ynskja til Seymore.

Men dess meir menneskjøt den får, og dess meir popularitet Seymore opplever i livet, dess meir krevande vert det å vera stakkars Seymore.

Stykket er svært underhaldande, med god humor og kjappe replikkvekslingar. Der fyrste akt kanskje er meir underhaldande og svingande enn andre. Til å bitta det heile saman er tre koristar, mellom dei Hilde Alvær Hagesæter.

– Det var utruleg kjekt å endeleg ha publikum i salen, seier Hagesæter, rett etter premiereslutt og fleire rundar med applaus, onsdag kveld.

Ho seier at dei siste dagane før premieren har vore kaotiske og hektiske.

– Men så berre er publikum der og då klaffar alt saman, seier ho nøgd.

LES OGSÅ: undefined

Tor Halvor Halvorsen, som tidlegare mellom anna har spelt i Kaptein Knurr, spelar si største rolle nokon gong i Bergen.

– Det er godt å vera ferdig med premieren, no er me endeleg i gang, seier han rett etter premiereslutt, onsdag kveld.

Han seier at rolla som Seymore, er ei uvant rolle for han å vera.

– Den er ganske stilistisk. Seymore er ein beskjeden fyr, som utviklar seg gjennom stykket. Rolla er ulik alt anna eg har spelt, seier han.

Han dreg fram at han står masse i ro.

– Men det er masse små rørsler, seier han.

Stykket står på plakaten til sjuande mars.

LES OGSÅ: undefined

Kommentarer til denne saken