Bergen Domkor til Knarvik

TIL KNARVIK: Søndag kveld held Bergen Domkor konsert i Knarvik kyrkje. Dirigent er Kjetil Almenning.

TIL KNARVIK: Søndag kveld held Bergen Domkor konsert i Knarvik kyrkje. Dirigent er Kjetil Almenning.

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Søndag 15. februar får Knarvik kyrkje konsert av Bergen Domkor med sin dirigent Domkantor Kjetil Almenning.

DEL

Etter starten i 2009 har koret etablert seg på internasjonalt nivå, og det er ei storhending at koret no gjestar Nordhordland med konserten søndag kveld.

Domkantor Kjetil Almenning er ein ypparleg korleiar, han vann mellom anna vann Eric Ericsons dirigentkonkurranse i 2009. I tillegg til domkoret vert det også instrumentalmusikk av Siri Hilmen, cello, og Hans Knut Sveen, cembalo.
 

Konserten er av edlaste merke, overveldande vakker musikk, - repertoaret er både meditativt, dramatisk og gripande, men også sprudlande og utadvendt. Programmet blir ei spanande reise i tid og rom med musikk frå renessansen fram til moderne komposisjonar. Hilmen og Sveen presenterer musikk av Vivaldi, uttrykksfull og livfull italiensk barokk.
 

Vel møtt i Knarvik kyrkje søndag kveld til ei heilt spesielt flott konsertoppleving!

Artikkeltags