Rykker ut til brann på Myking

DEL

OPPDATERT: Klokka 12.24 er brannen meldt sløkt og naudetatane avsluttar på staden.

Rett før klokka 11.30, onsdag, melder Vest politidistrikt om ein brann i ein såkalla jernhest på Vefjell på Myking i Lindås.

Jernhesten, som er eit beltegåande køyretøy for henting av tømmer skal ha velta og byrja å brenna.

Det skal brenna i jernhesten og litt i terrenget i nærleiken av den.

Klokka 12.12 melder brannvesenet at dei er framme med mannskap på staden.

Artikkeltags