Gå til sidens hovedinnhold

Namnet på den omkomne i dykkeulukka er frigjeve

Artikkelen er over 2 år gammel

Det var den 19 år gamle Trond Ivar Steine Børve frå Ullensvang herad som omkom i den tragiske fridykkarulukka i Lindås.

Det opplyser politiet i ei pressemelding.

Namnet er frigjeve i samråd med familien hans.

Søndag føremiddag vart ein mannleg fridykkar meldt sakna, etter at han ikkje kom opp att etter eit dykk i Lurefjorden, i området ved Engholmen og Ådnøyna i Lindås kommune. Det var faren, som sto på land, som meldte mannen sakna klokka 1139. Då skal han ha vore sakna sida 1015-tida.

Hovedredningssentralen sette i verk ein omfattende redningsaksjon, med helikopter, båtar, dykkarar og andre redningsmannskap, samt fleire frivillige.

Klokka 1323 ble det meldt om eit funn av ein død person. Det var brannvesenet sine dykkarar som fann han, ikkje langt fra staden han vart meldt sakna frå.

Les også

Dykkepresidenten etter dødsulykka: – Særs sjeldan

 

Kommentarer til denne saken