Fem tatt for å bruka mobilen medan dei køyrde

DEL

Torsdag ettermiddag hadde politiet ein kontroll i Juvikstølen i Lindås.

Der sjekka dei om folk brukte mobilen medan dei køyrde.

Fleire kontrollar tidlegare har avdekka at svært mange nordhordlendingar gløymer å følgja med på vegen medan dei køyrer bil.

Torsdagens kontroll gav ikkje så ekstreme resultat, men i perioden frå klokka 1530 til 1700 tok dei fem bilistar for å bruka mobilen medan dei køyde. Dei må ut med bot og får to prikkar på førarkortet for lovbrotet.

Ein person fekk og eit forelegg for å ikkje bruka tryggingssele medan han køyrde.

Det opplyser lensmann Kjell Idar Vangberg ved Nordhordland lensmannskontor.

Artikkeltags