– Det er første gong er ser noko slikt i Nordhordland

Roger Haugland synest bilane som dukka opp på bensinstasjonen på Ostereidet var såpass spesielle at han ville dele synet med Nh-lesarane.

Roger Haugland synest bilane som dukka opp på bensinstasjonen på Ostereidet var såpass spesielle at han ville dele synet med Nh-lesarane. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Det seier Roger Haugland om bilane han såg på Ostereidet måndag.

DEL

– Det er første gong eg ser noko slikt her. At fem-seks så spesielle bilar køyrer i lag i Nordhordland, har eg aldri sett før, fortel Haugland som rakk å knipse bilde av nokre av dei før dei farta vidare.

– Eg tenkte at eg måtte ta bilde, og sende dei til avisa Nordhordland slik at folk fekk sjå denne sjeldne farkosten, seier han.

Skulle nordover

Førarane av bilane snakka eit språk Haugland ikkje forstod så mykje av, men han fekk med seg at dei studerte kartet og skulle vidare nordover – mot Førde.

– Dei hadde berre nokre små motorar, men det heldt no til å komme seg fram, legg Haugland til.

Ein bilinteressert Nh-lesar tok kontakt etter å ha lese denne saka, og fortel meir om bilane.

– Svært sjeldne

– Det var den tyske automobilprodusenten Messerschmitt som laga desse bilane. Seinare blei dei bygde vidare av FMR (Fahrzeug- und Maschinenbau Regensburg GmbH) under namnet «Messerschmitt KR175" og «Messerschmitt KR200", fortel Andreas Scholl.

– Dei har rundt ti hestekrefter og 191 cm motor, og er bygde i to seriar frå 1953 til 1964. Bilane er svært sjeldne og for tida et det berre nokre få til sals på nettet, fortel han vidare.

Ifølge Scholl ligg prislappane for eit slik køyretøy på frå 200.000 til 400.000 kroner.

– Kjekt at dei tok turen nedover, avsluttar han.

Roger Haugland synest bilane som dukka opp på bensinstasjonen på Ostereidet var såpass spesielle at han ville dele synet med Nh-lesarane.

Roger Haugland synest bilane som dukka opp på bensinstasjonen på Ostereidet var såpass spesielle at han ville dele synet med Nh-lesarane.

Foto:

Foto:

Artikkeltags