Ordføraren opna vikinggarden

OPNA VIKINGLEIREN: Astrid Aarhus Byrknes var tidsmessig kledd då ho i går opna den første vikingleiren på Spurkeland Gard. (Foto: Dagrun Stokke)

OPNA VIKINGLEIREN: Astrid Aarhus Byrknes var tidsmessig kledd då ho i går opna den første vikingleiren på Spurkeland Gard. (Foto: Dagrun Stokke)

Artikkelen er over 5 år gammel

I helga er det vikingfestival i kongsbygda Seim.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Eit lite vindkast skapte sus i serken. Men det var heilt utan slag og hogg då ordførar Astrid Aarhus Byrknes fredag opna vikingarden offisielt. I helga kan du oppleva vikingtida på Seim.

Ekteparet Silje og Ole Kristian Kjenes har gripe fatt i historia rundt den ”lokale” vikingkongen Håkon den Gode. Planen er å skapa ein truverdig turistattraksjon på heimebøen.

Lurar du på korleis vikingane eigentleg levde, kan du denne helga få gode smakebitar på det. Vikinglaget Harudes inviterer nemleg til vikingfestival på Spurkeland Gard denne helga.

Handel og bryting

Ikkje berre får du sjå, og kjøpa, handverka deira, laga i god vikingtradisjon. På programmet står også aktivitetar som er typiske for denne tidsepoken, mellom bryting, som var folkesport i vikingtida.

Det kjem ”vikingar” både frå Danmark, Tsjekkia, Polen og England til vikingfestivalen på Spurkeland gard, i tillegg til dei mange norske deltakarane.

Tidsmessig kledd

Ordførar Astrid Aarhus Byrknes var sjølv korrekt kledd i vikingdrakt då ho skulle opna den første vikingleiren som er arrangert i Nordhordland.

– Eg føler meg nesten som ein biskop, seier ho med glimt i auga, om kappa som omsvøper drakta ho har på seg.

– Sverdet er ikkje akkurat det som eg får mest lyst til å bruka, seier ho og ler hjarteleg, idet ho ruslar rundt i leiren for å sjå. Men pil og boge vert ho derimot freista til å prøva. Men først må ho ha opplæring.

Skåla i vatn

Ordføraren viste også at ho kan “Håvamål” og siterte nokre vers derifrå, før ho skåla med bukkehornet, ikke i mjød, men med reint kjeldevatn.

Artikkeltags