Skipingsmøtet vert på Dale Heradshus i Vaksdal, villfisklaget vil få begge sider av Osterfjorden som sitt arbeidsområde.
-Laget skal jobba for villfisken, laks og sjøaure. I Nordhordland er det Romarheimselva og fjorden som er aktuelt område, seier Eirik Straume Normann frå interimstyret.
No eller aldri for fisken
Han håpar alle interesserte fiskarar i Romarheimselva og sjølaksefiskarar i Osterfjorden vil vera med i laget.
-Bakgrunnen for at det vert skipa eit slikt lag, er den dårlege tilstanden til dei aller fleste villfiskstammane i regionen. Ein har dokumenterte trusselfaktorar som krev handling no. Villaksen er kanskje den arten som har fått størst merksemd i media, men det står også dårleg til med sjøauren. Grunna svært små bestandar over lengre tid er ein inne i ei avgjerande fase for framtida til villfiskstammane på vestlandet. Det er no eller aldri for villfisken, heiter det i ei pressemelding frå interimstyret.
Vera eit kontaktpunkt
Her set Eirik Straume Normann (leiar), Oddbjørn Helland (nestleiar, Bolstadelva), Trond Henriksen (Modalselva), Olav H. Dale (Daleelva) og Sveinung Klyve (miljøvernrådleiar Vaksdal kommune).
Dei strekar under at laget ikkje ønskjer å ha eit negativt utgangspunkt for sitt arbeid.
-Vi trur vi kan vera ein viktig medspelar i arbeidet med å sikra levedyktige fiskestammer. Laget vert skipa utifrå optimisme om at dette skal vera mogleg, seier dei.
Føresegnene til laget seier mellom anna at dei skal bidra til samarbeid mellom ulike aktørar, bidra til å auka kunnskapen om villfiskstammane i Osterfjorden og vera eit kontaktpunkt for kommunar, forskarar og media.