Norhordlandsmeisterskapen stoppa av vêret

Artikkelen er over 4 år gammel

Det kraftige regnvêret gjer at det tradisjonelle Nordhordlandsmeisterskapen på Gamlesætra vert utsatt til neste helg.

DEL

Planen var at det årlege meisterskapen skulle arrangerast no i helga, men slik vert det altså ikkje.

– Vi usett det heile til neste helg, altså lørdag 14. og søndag 15. mars, seier leiar i Nordhordland skiklubb, Atle Austrheim.

- Betre stemning med fint vêr

– Det er meldt store mengder regn, difor finn vi det for godt å utsetta, slik at fleire vert med. Vi har lagt ned mykje arbeid i dette, og då er det synd viss veldig få kjem grunna vêrforhalda.

– Det vert mykje betre stemning med fint vêr, seier han.

Sjølv om ein aldri kan vera for sikker på at det vert betre neste helg, er Austrheim optimistisk.

– Det skal mykje til for at det vert så ille som det er meldt no, så vi satsar på opphaldsvêr og fine dagar med Nordhordladmeisterskap neste helg.

Artikkeltags