Låve med gassflasker, dynamitt og drivstoff i full fyr

BRANN: Låven som brenn ligg bak dette huset. Dei næraste naboane er evakuerte.

BRANN: Låven som brenn ligg bak dette huset. Dei næraste naboane er evakuerte.

Artikkelen er over 5 år gammel

Politiet har evakuert bebuarar og oppretta evakueringssone.

DEL

OPPDATERT: *Dei evakuerte får truleg ikkje komma tilbake til heimane sine før 2. joladag. *Klokka 15.45 melder politiet at brannvesenet let låven  brenna heilt ned.  *Rundt klokka 15.15 kunne folk som var på staden høyra ein eksplosjon på staden. Det er uvisst om noko vart øydelagd i eksplosjonen.

– På grunn av at gassflaskene må kjølast ned, noko som tek tid, må dei evakuerte truleg finna seg ein annan plass å bu, natt til andre joladag, seier innsatsleiar Tom Johannessen til avisa Nordhordland.

Til saman ni personar frå tre hus vart evakuert. På ein av dei evakuerte eigedommane er det ein flor med 90 sauer på.

Brann og politi vil vera på brannstaden til det er trygt på staden.

Årsaka til brannnen er framleis ukjend.

Meldinga om brannen kom inn til politiet klokka 14.01.

Då fekk dei beskjed om ein låve som stod i full fyr i Vikevegen på Hundvin.

– Me har evakuert dei næraste husa, det er ingen personskade og det er ikkje ein driftsbyggning med dyr i, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Hordaland politidistrikt til avisa Nordhordland.

Til saman ni personar frå tre hus vart evakuert frå staden.

Det er både acetylen og oksygenflasker i låven som dei fryktar kan gå i lufta. Forutan ein hest, var det ingen dyr på låven. Hesten er no ute av bygget. Brannvesenet stadfestar og at det er dynamitt og drivstoff i låven.

– Det betyr at ein har vore nøydd til å ta litt førehandsreglar i samband med sløkkinga, men det har ikje bydd på store problem, seier Kolltveit.

– Brannen er ikkje meldt under kontroll, stadfestar Rune Hovlandsdal ved 110-sentralen i Bergen til avisa Nordhordland rundt klokka 15.00.

Dei har sendt alt tilgjengelig mannskap frå Knarvik og Meland, samt ein vasstankbil frå Austrheim, til saman fem bilar.

– Kor mykje dynamitt og drivstoff er det i låven?

– Det veit me ikkje, seier han.

Det er oppretta eit sikkerheitsbelte på 100 meter rundt låven, i tilfelle ting skulle gå i lufta.

Brannen vart oppdaga ved ein tilfeldigheit.

– Eg gjekk tilfeldigivis ut av huset, då såg eg at låven stod i full fyr, seier bonden til avisa Nordhordland.

Han prøvde å få traktoren sin ut av huset, men det var ikkje mogleg.

– Heile loven var overtent på tre minutt, seier han vidare.

Rolf Seljelid er ein av dei evakuerte naboane.

– Det var forferdeleg mykje røyk og flammer, seier han til avisa Nordhordland.

Det har samla seg fleire skodelystne til den dramatiske brannen.

Rundt klokka 15.15 vart det høyrd ein eksplosjon på staden.

– Det stemmer at det var ein liten eksplosjon der. Me veit ikkje kva det var for noko, seier operasjonsleiar Kolltveit til avisa Nordhordland.

Han stadfestar at eksplosjonen ikkje førte med seg nokon skade eller problem for sløkkearbeida.

– Hadde dei lov å oppbevara gass og dynamitt i låven?

– Det veit me ikkje på det noverande tidspunkt. Det same gjeld måten det vert oppbevart på og kor, seier Kolltveit.

Han seier at det vert oppretta sak på det.

– Så får me komma nærare tilbake til det, seier han.

I 15.45-tida vart det meldt at ein hadde latt låven brenna ned til grunnen.

Artikkeltags