Har faget «innsats for andre»: Ønsker seg nye oppdrag

VIL HJELPA: Ein skuletime for veka står desse tenåringane klare til å hjelpa dei som treng det. Frå v: Laura Osland Øvretveit, Lykke Ness, Casandra Moen og Johan Sandven.

VIL HJELPA: Ein skuletime for veka står desse tenåringane klare til å hjelpa dei som treng det. Frå v: Laura Osland Øvretveit, Lykke Ness, Casandra Moen og Johan Sandven.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

I alt 35–40 elevar ved Knarvik ungdomsskule står klare til å jobba gratis ein til to skuletimar for veka i nærområdet.

DEL

– Aller helst vil vi gjera ein innsats for nokon som treng det. Alt frå å handla til å gå tur med hunden, seier Johan Sandven.

I lag med tre jenter frå 9. klasse er han på besøk i avisa for å fortelja om faget deira; innsats for andre.

Ulike oppgåver

– I fjor hadde vi to skuletimar for veka – i år ein, seier Casandra Moen. Ho fortel at dei i fjor var delt inn i tre grupper der ei var i barnehage og leika med ungane, ei var på sjukeheimen og prata, dansa og song i lag med dei eldre, og ei gruppe bygde bosspann til resirkulering på skulen.

No ønsker dei seg nye oppdrag, og er opne for det aller meste.

Gjensidig glede

– Dette er det kjekkaste faget på skulen, og vi kjenner på masse glede i kontakt med dei vi hjelper. Dei blir også veldig glade, seier Lykke. Ho var blant dei som var på sjukeheimen i fjor, og syntest det var veldig interessant å høyra dei eldre fortelja om sine liv og om krigen.

– Vi jobbar frivillig, og vil at alle skal ha det bra, seier Johan som stortreivst i barnehagen i fjor, men no kan tenka seg noko anna. Det kan også Laura Osland Øvretveit som var i gruppa som laga bosspann.

– Vi laga eit til flasker, og eit til anna boss, og eg trur dei vert brukt framleis, seier ho.

Veldig kreative

Lærar Ketil Porsmyr er den som har ansvar for faget. Han er imponert over elevane sine kreative idear til oppgåver dei kan tenka seg å jobba med.

– Dei kan både tenka seg å skifta dekk når det er tid for det, fiska middag til dei som ikkje har høve til å halda seg med fisk sjølve, og mange andre gode idear, seier Porsmyr som fortel at oppdraga er begynt å koma.

– I fjor var nokre elevar hjelpetrenarar, og fekk då avspasert tida dei brukte utover skuletida, så vi er fleksible, seier han.

Treng du hjelp, kontakt Ketil Porsmyr, tlf 46760067 eller ketilporsmyr@hotmail.com.

Artikkeltags