Frykta for husa sine under julebrannen

DRAMATISK: Store lokale brannstyrker vart kalla ut, då det byrja å brenna i ein låve på Hundvin, fyrste juledag. Ni personar vart evakuert, men heldigvis vart korkje menneske eller hus skadd i brannen. FOTO: Sigrun Haugsdal Reknes

DRAMATISK: Store lokale brannstyrker vart kalla ut, då det byrja å brenna i ein låve på Hundvin, fyrste juledag. Ni personar vart evakuert, men heldigvis vart korkje menneske eller hus skadd i brannen. FOTO: Sigrun Haugsdal Reknes

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

– Det var lange minutt å stå der og venta på brannkorpset.

DEL

Den dramatiske brannen på Hundvin i romjula:Det seier Stein Ove Seljelid, eigaren av låven som brann ned på Hundvin, fyrste juledag.
Sjølv om det ikkje var fare for korkje menneske eller dyr, opplevde han brannen i tunet som dramatisk.

– Breidde seg fort

– Det breidde seg så utruleg fort, seier han.
Han hadde ein traktor inne på låven som var treg å starta, men prøvde likevel å få den ut.
– Då eg sette meg inn i den, så såg eg flammane komma frå der me hadde sauene før. Men alt etter at eg hadde kinna den ein gong, byrja flammane å komma nærare og røyken berre velta ut, fortel han.
Då valde han sjølv og å forlata løa.
Berre eit år før, hadde han hatt sauar i løa. No var det seks hestar som hadde tilhald i løa. Utruleg nok var ingen av dei inne då det byrja å brenna.
– Tre av de var på beite oppforbi vegen, to av dei nedforbi og ein hingst eg nett hadde skodd, var ute i luftegarden, fortel han.
Det var ein hest som var årsaka til at brannen vart oppdaga og. Far hans, Bjørn Ove Seljelid, skulle ut og sjå til ein av hestane, for å flytta den.

LES OGSÅ: Etterforskar dynamitten

Frykta for husa

– Då såg han røyken som velta ut, og sprang inn og gav meg beskjed, fortel han.
Ei stund frykta dei at brannen kunne spreia seg til husa i tunet, via ein rubbhall.
– Heldigvis stod vindretninga vekk frå huset, seier han.
Men duken i rubbhallen hadde byrja å smelta på grunn av varmen.
– Kva trur du årsaka til brannen var?
– Det har eg korkje moglegheit eller lyst til å spekulera i, seier han.

Sluttar med hestar

– Men det brann i nærleiken av sikringsskapet, seier han.
Totalt ni personar vart evakuert, og spreidde for alle vindar. Sonen til Stein Ove vart sendt til mora på Hylkje, foreldra hans til dottera si og han sjølv inn til naboen.
Kva som skal skje vidare med branntomta veit han ikkje enno.
– Dei planane er ikkje lagde enno. Fyrst må me rydda opp i dette, så ta eit steg i slengen. Eg vil i alle fall tenka meg godt om, seier han.
Hestedrift vert det lite av.
– Eg vurderer å selja mine, seier han. Det same gjer far hans.

LES OGSÅ: Låve med gassflasker, dynamitt og drivstoff i full fyr

Artikkeltags