Etter ønsker frå marknaden bygger no Runar Hilland ut ved begge hotella sine.
– Me har ein del langtidsbuande som vil ha større rom, difor går me i gang med denne satsinga no, seier Hilland til avisa Nordhordland.

Ventar på grønt lys

Mellom langtidsbuande kan vera folk som er i området i samband med vegarbeid og anna.
No ventar dei på grønt lys frå kommunen, slik at dei kan føra opp seks suitar ved Alver hotell og åtte ved Westland hotell.
– Me håpar at dette kan gje oss eit enno betre økonomisk grunnlag, seier han.
Utbygginga vil kosta dei 16-18 millionar kroner til saman og står forhåpentlegvis klar tidleg i februar.

– Viktig å få det til

– Det er ei stor investering for oss, så det er viktig at me får det til, seier han.
Dei to hotella enda opp med eit samla årsresultat på skarve 8000 kroner i 2013.
Alver hotell omsette i 2013 for 14,1 millionar kroner, og sat att med eit årsresultat på 410.000 kroner. På Westland omsette dei for 19 millionar kroner, og fekk eit negativt årsresultat på 400.000 kroner. 2014 teiknar til å verta noko betre.
På Alver hotell er dei seks suitane, som vert på rundt 60 rutemeter kvar, i praksis allereie leigd ut. Selskapet Implenia, som står bak vegarbeidet på Flatøy har sagt at dei vil leiga alle seks suitane for dei neste 18 månadane.
– Per no er dei innkvartert i små enkeltrom, sidan det er billigast for dei viser han til.
Når dei får eit eventuelt ja frå kommunen skal det heile gå kjapt. Suitane kjem som ferdig innreidde modular frå Aust-Europa, med mellom anna kjøkken og bad på plass.

Basseng

Bygga vil verta plassar i den nordaustlege delen av begge hotelltomtene, for å ikkje berøra eventuelle andre utvidingsplanar. For Alver er det ingenting konkret på bordet, men på Westland har dei tidlegare fått godkjent eit rammeløyve som gjer dei moglegheit til å bygga ny resepsjon, restaurant, større konferansesal, treningsareal og basseng.
– Kor tid me kjem i gang med det, avheng av marknaden, men det ligg nokre år fram i tid, seier han.