Hytteinnbrot på Seimstrand

Artikkelen er over 3 år gammel

Låsen til hytta er filt opp.

DEL

Laurdag vart det meldt til politiet at ei hytte har hatt besøk av uvedkomande gjester for ikkje så lenge sidan.

– Eigarane kom til hytta og oppdaga at nokon hadde filt opp låsen, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Tatiana Knappen til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: 13-åring slått ned

Innbrotstjuvane skal ha rota rundt, men det er førebels ikkje klart kva som er stole frå hytta.

– Ein patrulje har vore på staden og gjennomført åstadsundersøking.

– Det skal ha vore eit innbrot på ei hytte i same området i påsken også. Men me kan ikkje seia noko om det er ein samanheng der, sluttar ho.

LES OGSÅ: Politiet leita etter køyrande bilvrak

Artikkeltags