Jaktar person som skal gi betre tilbod til unge

Anette Sæbø frå Alversund er leiar i ungdomsrådet i Lindås kommune. Den viktigste jobben dei heldt på med no er jakta på ny ungdomskoordinator.

Anette Sæbø frå Alversund er leiar i ungdomsrådet i Lindås kommune. Den viktigste jobben dei heldt på med no er jakta på ny ungdomskoordinator. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Unge krev eit betre fritidstilbod i kommunen der draumar blir til røyndom. No blir dette tatt tak i.

DEL

Dei unge lovande i kommunen, ungdomsrådet som består av representantar frå kvar ungdomsskule, er fast bestemde på å ta tak i dette. I løpet av halvåret skal kommunen tilsette ein ungdomskoordinator, og denne veka set dei i gang med intervjuprosessen for å finne den rette kandidaten.

– Me er veldig positivt innstilt på faktumet at det faktisk er ei stilling i kommunen som heiter ungdomskoordinator, dette har aldri vore før i Lindås, og det er eit hav av kandidatar som eg gler meg til å bli kjend med, seier Anette Sæbø (17), leiar for ungdomsrådet i Lindås kommune.

Ho er veldig glad for at kommunen har valt å tilsette nokon som kan rettleie dei unge i kommunen. Anette fortel at det er på tide at nokon set standarden for korleis det skal vera blant dei unge.

Mange kandidatar

Sæbø skal vera med å intervju alle dei sekstisju kandidatane, og skal velja ut nøye den som er best kvalifisert for jobben. Ho har vore med i ungdomsrådet til kommunen i omtrent to år. Fyrste gongen ho var med var nemleg i niande klasse.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

– Eg var ikkje leiar fyrste gongen eg var med, så då var alt litt nytt, men no kjenner eg meg sikker og trygg på leiarrolla, fortel Sæbø.

Radøy som inspirasjon

I første klasse på vidaregåande skule, søkte ho på stillinga som leiar i rådet, og har no vore det dei to siste åra. I nabokommunane Radøy og Austrheim har dei lenge vore suksessfulle med ungdomskoordinatorar. Filmkveldar, disko, utkledningsparty, open hall, og mange andre eventyr skjer i begge kommunar.

– Det har vore noko me har tenkt på ein stund, det å skaffe ein ungdomskoordinator til kommunen. Det går jo sinnssjukt bra borte på Radøy, og om det er nokon me vil at ein eventuell koordinator skal henta inspirasjon frå så er det dei. Me hadde blitt utruleg takknemlege om me fekk tilsett nokon som er så engasjert i ungdommen her som dei er på Radøy, meiner Sæbø.

Viktige saker

I ungdomsrådet jobbar dei med ung politikk i kommunen, men også med saker som interesserer ungdom, og dei høyrer mykje på kva elevråda ved alle ungdomsskulane seier. Der er det tette samarbeid. For tida jobbar dei med å ordne gode religionsnøytrale møtestadar for unge, utdanningsfaget ved ungdomsskulen, rådgjevingstilbodet, bustader for unge og for eit kulturhus.

Ungdomsråd:

Eit ungdomsråd er ei gruppe ungdommar som representerer ungdom der dei bur, det vil seie i kommunen eller fylkeskommunen. Nokon kallar ungdomsråd for ungdommens kommunestyre.

– Me meiner at det er viktig at ungdomsskuleelevane er godt førebudde til vidare utdanning, så vi legger stor vekt på å forbetre rådgjevingstilbodet ved skulane, seier Anette.

Men det aller viktigaste dei jobbar for nett no, er altså vegen mot ein ordentleg ungdomskoordinator.

Håpar på mykje kjekt

I høve til fritidstilbod som allereie eksisterer i kommunen vil Anette fremme eit par av dei. Ungdomsklubben som nett har starta opp på loftet i Knarvik senter, Loftet ungdomsklubb, er godt tatt i mot av dei unge. Forutan om den eksisterer klubbar som Link og Kraftn, som begge har vore aktive i fleire år.

– Eg håpar at den kommande koordinatoren kan planlegge mykje kjekt for oss unge, sjølv om me har ein handfull av tilbod frå før, meiner Anette.

Ho fortel at dersom nokon har innspel, er ungdomsrådet svært glade for å ta imot tilbakemeldingar. Ho spør etter meir engasjement frå dei på utsida. Det er nemleg ein ressurssterk gjeng som sit i ungdomsrådet. Dei har tilgang til å dele ut pengar eller annan støtte dersom nokon unge har private organisasjonar, prosjekt eller bedrifter. Ho presiserer at det er viktig at unge i kommunen er klar over at det er ein gjeng som vil høyre på og hjelpe kommunen sine unge innbyggarar.

– Ta kontakt

– Det står også ganske mykje på kommunen sine nettsider, i tillegg har me i ungdomsrådet oppretta ei Facebook-side der me kjem til å poste litt om det som skjer. Der kan unge også ta kontakt om dei har noko dei ønsker at me skal ta opp med dei i kommunen, opplyser Anette.

– Dei unge blir faktisk høyrd i kommunen vår, det er det som er så kjekt med kommunestyret vårt. Dei er særdeles interessert i å høyre på kva me har å seie, og ta med våre meiningar. Oppfordring til alle; ta kontakt med oss på Facebooksida vår dersom nokon har innspel til oss eller ønsker, avsluttar Anette.

Artikkeltags