(Nettavisen/Firdaposten) Lønsutbetalingane til landets ordførarar har auka kraftig dei siste åra, og mange ordførarar har no millioninntekt.
For å vise kva våre 422 folkevalde ordførarar får i godtgjersle/løn, har Nettavisen bedt om innsyn i ordførerlønene i alle norske kommunar.
Opplysningane som er henta inn, viser at ordførarane i gjennomsnitt tener 862.559 kroner. Og det er store forskjellar mellom kommunane.
Kvar tiande ordførar, 45 totalt, har ei godtgjersle på over éin million kroner.
Olve tener mest
Astrid Aarhus Byrknes representerer Kristeleg folkeparti og er ordførar i Lindås. Ho har best løn av ordførarane i Nordhordland med ei årsløn på 1 114 322 kroner. Det gjer ho til den 12. best betalte ordføraren i landet, mellom anna føre Bergens-ordførar Marte Mjøs Persen, som er ordførar i Norges nest største by, med 280.200 innbyggarar og 6.800 kommunalt tilsette.
Meland-ordførar Øyvind H. Oddekalv (Ap) tener 956 463, akkurat det same som Austrheim-kollega Per Lerøy Maurstad (Ap). Stian Herøy (H) i Fedje har 877 250 i årsløn.
Jon Askeland (Sp) på Radøy har 860 860 kroner årleg, medan Karstein Totland (H) i Masfjorden har 835 742.
Millionløn
Heilt på topp av lønsstatistikken finn ein ikkje Norges største kommune, men ein middels stor kommune med om lag 30.000 innbyggarar.
Kommune | Ordførar | Godtgjersle | Parti |
Lindås | Astrid Aarhus Byrknes | 1 114 322 | KrF |
Meland | Øyvind H. Oddekalv | 956 463 | Ap |
Austrheim | Per Lerøy | 956 643 | Ap |
Fedje | Stian Herøy | 877 250 | H |
Radøy | Jon Askeland | 860 860 | Sp |
Masfjorden | Karstein Totland | 835 742 | H |
Gulen | Hallvard Oppedal | 801 200 | Sp |
Modalen | Tom Kristian Thorsen | 717 347 | |
Høgast ordførerløn har nemleg ordførar Tom Staahle (Frp) i Ullensaker kommune i Akershus, som er den einaste av ordførarane som tener meir enn ein statsråd. Han har ei inntekt på 1.404.900 kroner.
Rett bak han kjem landets einaste SV-ordførar, Marianne Borgen, som i Oslo tener det same som ein statsråd, 1.365.000 kroner.
Over 1,2 millionar kroner tener også ordførar Christine Sagen Helgø (H) i Stavanger kommune i Rogaland, ordførar Harald Furre (H) i Kristiansand kommune i Vest-Agder og ordførar Øyvind Sand (Ap) i Rælingen kommune i Akershus.
– KS ville ikkje hjelpe
Bakgrunnen for innsynskravet frå Nettavisen til kommunane, var at KS, kommunesektorens interesse- og arbeidsgivarorganisasjon, i september nekta å gi ut oversikta dei har over ordførarane sine godtgjersler.
Etter avslaget har Nettavisen kontakta kvar enkelt kommune, og har bede om innsyn i ordførerlønningane med tilvising til offentleglova.
– Vi syns det var merkeleg at det skulle vere så vanskeleg å få ein oversikt over kva norske ordførarar faktisk tener. Og når KS ikkje ville hjelpe oss, gjekk vi i gang sjølve, seier nyheitsredaktør Erik Stephansen i Nettavisen.
Han meiner det er viktig at ei samla oversikt over kva de ifolkevalde ordførarane tener, blir offentleggjort.
– Ei slik oversikt har absolutt demokratisk interesse. Opplysninga om kva ordføraren i din egen kommune tener, er jo berre verdifull i den grad du kan samanlikne med andre kommunar. I vår oversikt kan alle gjere sine eigne søk og samanlikne med kven dei vil, fortel han.
Desse tener minst
Nedst på lønningslista, med null kroner i godtgjersle, finn vi ordførar Knut Jentoft (70) i Storfjord kommune i Troms. Han har sjølv vald å ikkje ta imot godtgjersle.
Den som faktisk tener minst, er ordførar Jørgen Amdam i Volda kommune i Møre og Romsdal, som har ei godtgjersle på 453.464 kroner, ifølge opplysningar gitt av kommunen.
- Les også: Disse 27 yrkene gjekk ned i lønn i fjor
Nedst på lista finn vi også ordførar Gustav Kalager (Ap) i Krødsherad kommune i Buskerud, med ei godtgjørelse på 487.795 kroner, og ordførar Marte Eide Klovning (Lokal liste) i Utsira kommune i Rogaland, som har ei godtgjørelse på 519.000 kroner.

Lærlingane stortrivst på Mongstad: – Arbeidsmiljøet her er nesten betre enn jobben
Ser mot Stortinget
Mange av kommunane sine godtgjersler til ordførarane er basert på ein stortingsrepresentant si løn, som no er på 956.463 kroner.
Enkelte kommunar reknar løna ut frå 80 prosent av Stortingets lønsnivå, mens andre har 90 prosent – eller heilt lik godtgjersle.
NB! I tillegg til ordførarane sine godtgjersler, kjem ulike tillegg som ordførarane får for sin jobb, som ved å leie utval eller sitte i styrer, i tillegg til dekking av diverse utgifter, som telefon og transport. (ANB)

Dette er dei 25 best betalte yrka i Norge