Rykka ut til hus med røykutvikling på Lindås

DEL

Naudetatane rykka onsdag føremiddag ut til eit hus i Lynghaugane på Lindås etter melding om røykutvikling i kjellar.

Det viste seg snart at det ikkje var brann i huset.

– Me har vore inn i bygget med røykdykkarar og det er ingen brann. Men det har vore røykutvikling, seier utrykkingsleiar ved Lindås, Meland og Modalen brann og redning, Ståle Hauge til avisa Nordhordland.

Dei rykka ut med mannskap frå Lindås, Knarvik og Austrheim stasjonar til hendinga.

Årsaka til røykutviklinga er førebels ikkje kjend.

Artikkeltags