Slik vert leiargruppa i Alver kommune

Den nye Alver-rådmannen Ørjan Raknes Forthun har no fått på plass leiargruppa for nye Alver kommune.

Den nye Alver-rådmannen Ørjan Raknes Forthun har no fått på plass leiargruppa for nye Alver kommune. Foto:

DEL

Arbeidet med å byggje Alver kommune er godt i gang. I november vart det klart kva roller dei tre rådmenna skulle få, no er heile leiargruppa på plass.

Slik ser lista ut over dei som får leiaransvar for dei ulike avdelingane:

  • Ørjan Raknes Forthun, rådmann (Lindås)
  • Martin W. Kulild, assisterande rådmann (Meland)
  • Jarle Landås, assisterande rådmann (Radøy)
  • Hogne Haugsdal, samfunnsutvikling (Lindås)
  • Lisbeth Toppe Alvær, HR og utvikling (Radøy)
  • Janne Sund, økonomi (Lindås)
  • Leni Dale, helse og omsorg (Lindås)
  • Kristin Moe, oppvekst (Lindås)
  • Anny Bastesen, teknisk drift og forvaltning (Meland)

Ein sjef står att

Det skal også på plass ein eigen prosjektavdeling for store investeringsprosjekt innan veg, vatn, avløp og eigedom. Leiaren for denne avdelinga er ikkje rekruttert enno, men blir også ein del av leiargruppa.

Kommande rådmann for Alver, Ørjan Raknes Forthun, er nøgd med gruppa som no er på plass.

– Prosessen har vist at vi har mange dyktige leiarar i kommunane våre. Eg er stolt over den nye leiargruppa og ser fram til samarbeidet, seier Raknes Forthun.

Artikkeltags