Namnet på den omkomne (56) frigitt

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ei pressemelding frå Nordhordland lensmannsdistrikt slår fast at det er 56 år gamle Kristin Gjersvik Hopland som måndag mista livet i frontkollisjonen i Furubergtunnelen. Ho var busett i Lindås kommune. Namnet er frigitt i samråd med familien hennar.

Det var i ellevetida måndag at naudetatane rykka ut til melding om kollisjon mellom ein lastebil og personbil i 80-sona på fylkesveg 57 mellom Seim og Hundvin.

Det vart fort fastslått at ulykka var alvorleg, og 56-åringen som køyrde personbilen vart sitjande fast. Derfor mobiliserte brannvesenet til hurtigfrigjering, men livet til kvinna stod likevel ikkje til å redde.

Sjåføren av lastebilen skal vere fysisk uskadd, og takast hand om.

Artikkeltags