Gå til sidens hovedinnhold

Jord og steinras stenger fleire vegar i Lindås

Artikkelen er over 2 år gammel

Lindås kommune melder på sine Facebook-sider at det er tre stengde vegar etter uvêrets herjingar i natt.

I Kleivdalsvegen har det gått eit ras ved Sjausetvatnet. Det er usikkert når den kon opnast att.

På Hjelmås har det gått eit jord og steinras ved Nordgardsvegen. Der er kommunen sine folk på veg for å rydda vegen, men det vil gå nokre timar før dei klarar å opna vegen att.

I Hopsdalen er det vatn som er problemet. Vegen er stengt og entrepenør er på veg, men det vil gå nokre timar før vegen opnar att.

Les også

Ambulansetenesta reagerer på at hovudveg var stengt i 16 timar: – Kunne sett liv og helse på spel

På Vegtrafikksentralen har dei ikkje fått meldingar om andre vegar i Nordhordland der det er problem i føremiddagstimane.

– Me har fått mange meldingar om at det er vatn overalt, seier Hanne Norheim til avisa Nordhordland.

Les også

Rask innsats redda husa frå vatnet: – Brannvesenet gjorde ein fantastisk jobb

Kommentarer til denne saken