Fullasta tankbil står fast i Kleivdalsvegen – igjen

Fulllasta tankbil har køyrd seg fast i Kleivdalsvegen.

Fulllasta tankbil har køyrd seg fast i Kleivdalsvegen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Det byrjar å verta ei vane å skriva om det etter kvart, vogntog som prøver å ta kortaste veg til Mongstad frå Hjelmås og som då vert leda over Kleivdalsvegen av GPS-en sin.

Det plar ikkje gå bra, ei heller denne morgonen.

Rundt halv åtte, torsdag morgon køyrde det som skal vera ein fullasta tankbil seg fast og minst eit dekk skal ha eksplodert.

Avisa Nordhordland har vore i kontakt med ein nabo som seier dei kvapp til av eit veldig smell då den svenskregistrerte semitraileren trefte fjellveggen.

Bergingsbil er på veg, men kor tid vegen opnar er enno ikkje klart.

Kleivdalsvegen er kommunal, og vart rusta opp av Lindås kommune i 2016. Vegdekket er bra, men den er smal og med enkelte svært svingete parti.

Det er litt over ein månad sidan avisa Nordhordland skreiv om sist vogntog som køyrde seg fast på vegen, då vart det sagt frå Lindås kommune si side at dei jobba med å setta opp eit skilt som åtvara trailersjåførar om at lengderestriksjonen er på 12,40 meter. Det var tydelegvis ikkje til hjelp denne gongen.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags