Oljekrisa får regjeringa til å dela ut ekstramillionar til kommunane våre

Artikkelen er over 3 år gammel

Sjå kor mykje kvar kommune får her!

DEL

TILBOD: FÅ NH+ i 8 VEKER FOR KUN 49 KRONER

Grunna den store arbeidsløysa på Sør og Vestlandet i samband med den pågåande oljekrisa, vil regjeringa dela ut eit eingongstilskot som skal gå til vedlikehald og rehabilitering av vegar, bygg og anlegg.

Det kjem fram i  regjeringas  forslag til revidert nasjonalbudsjett  som vert  lagt fram onsdag.

Men det er ikkje  slik at regjeringa gjev pengar til alle kommunar på vestlandet. Det er berre dei kommunane med høgare arbeidsløysa enn landssnittet som får pengar.

LES OGSÅ: Radøy-ordføraren krev at regjeringa tek tak

Tilskotet fordelast med likt kronebeløp per helt arbeidsledig person utover landsgjennomsnittet på 3,1 prosent.

Arbeidsløysa er høg i Nordhordland, noko kommunane «tener» på denne gongen. Lindås får 1,9 millionar kroner, medan Meland får 963.000 kroner.

Summen utgjer rundt  34.000 kroner per arbeidsledig over 3,1 prosent. Totalt  får kommunane våre rundt  4,0 millionar kroner i eingongsstøtte frå regjeringa.

Også Radøy, Austrheim og Fedje  får pengar  frå regjeringa. Medan  Masfjorden og Gulen har  for låg arbeidsløyse til  at  dei vert   tilgodesett med pengar.

LES OGSÅ: Alvorleg mangel på sjukepleiarar i Gulen

Tilskotet skal brukast på tiltak som setjast i gang i 2016, og som kjem i tillegg til allereie vedtatte tiltak i kommunanes budsjettår for 2016.

– Ordninga er enkel og ubyråkratisk, og vil vere til god hjelp for både innbyggarar og næringslivet, seier Peter Christian Frølich (H).

Helge Andre Njåstad i Frp peikar på at det skal ikkje vera eit komplisert opplegg for å sikra seg pengane.

– ­ Tilskotet vil gå til kommunane utan søknad, og vi legger opp til ein enkel rapportering. Målet er å auka aktiviteten i næringslivet lokalt, ikkje at fleire skjema skal fyllest ut.

LES OGSÅ: Fedje verst råka

Kommune Arbeidsledige Prosent av styrken Støtte frå regjeringa
Lindås 301 3,8 1.895.000
Meland 153 3,8 963.000
Radøy 95 3,6 451.000
Gulen 22 1,8 -
Austrheim 61 4,1 509.000
Masfjorden 12 1,4 -
Fedje 15 5,7 235.000
Totalt: 659   4.053.000

Artikkeltags