Det årlege arrangementet for russen startar med eit bilslepp, der ein får sjå kva som skjer med ein bil som frontkolliderer i 80 kilometer i timen.

I år vil trafikksikringsutvalet (TSU) opna demonstrasjonsdelen for alle som er interesserte.

LES OGSÅ: Deler ut refleksgåve til alle nyfødde

– Heile Nordhordland er velkommen til å sjå, seier Nils Medås i Lindås og Meland brann og redning.

– Under demonstrasjonen får dei sjå gangen i kva som skjer på ein ulykkesstad, og kva arbeid naudetatane gjer på staden. Ein slik demonstrasjon er rimeleg spektakulært, og ein får sjå det på nært hald, seier han.

Dagen startar 11.30 med bilslepp på parkeringsplassen ved Knarvik kyrkje.

– Vi ønsker å nå fleire med dei sterke og viktige bodskapa frå arrangementet, difor inviterer vi alle innbyggarar i regionen til å delta, seier Medaas.

Etter demonstrasjonen vert det føredrag og samtalar i kyrkja, og denne delen av arrangementet er berre for årets russekull.

LES OGSÅ: Nora og Karin vart stoppa i gladkontroll: – Godt med ei påminning

Under demonstrasjonen vert det brukt dramatiske virkemiddel, og TSU åtvarer mot sterke scener.

– Vi ber foreldre om å skjerme dei yngste barna, seier Medaas.