Arbeidsulykke i Kjevikdalen

Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Mann har komme under ei plate.

DEL

Lindås og Meland brann og redning rykker ut til ei arbeidsulykke i Kjevikdalen. Det melder 110-sentralen i Hordaland på twitter.

Ein mann skal ha komme under ei plate. Ulykka vart meld 08.36.

110-sentralen melder at det viser seg at mannen ikkje er fast, og brannvesenet returnerer til stasjonen.

– Det er ein 58 år gammal mann som har fått ei plate i låret. Politi, ambulanse og brannvesen rykka ut til staden, fortel operasjonsleiar Jan Tore Heggholmen ved politiet sin operasjonssentral i Hordaland.

– Han er køyrd i ambulanse til lokal legevakt, og er sannsynlegvis ikkje veldig alvorleg skadd, seier han.

Politiet er på staden og gjer undersøkingar.

Dagleg leiar Erlend Kleiveland i NGIR stadfestar at det har skjedd ei arbeidsulykke hos dei.

– Ja, det er på anlegget vårt det har skjedd ei arbeidsulykke. Eg vil ikkje seia noko meir om dette før politiet har gjort ferdig sine undersøkingar, seier Kleiveland til avisa Nordhordland.

Artikkeltags